Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Øving

Bli-kjend-øvingar

Eit godt klassemiljø er basert på at alle elevane kjenner kvarandre og er trygge på kvarandre. I denne oppgåva finn du ulike øvingar som hjelper elevane å bli kjende med kvarandre.

Ei gruppe ungdommar tek ein selfie. Foto.

Bygg eit tårn

Del klassen i grupper på 3–5 elevar. Kvar gruppe får utdelt 10 A4-ark.

De får ikkje lov til å røre arka før etter 2 minutt. Dei første to minutta skal de

  • helse på kvarandre
  • planleggje korleis de skal løyse målet til oppgåva

Målet er å lage det høgaste tårnet ved hjelp av dei 10 arka de har fått utdelt. Korleis de gjer det, er opp til dykk.

Reglar

  • Tårnet må stå av seg sjølv i 15 sekund frå de seier dykk ferdig.
  • Det er ikkje lov til å sabotere (til dømes blåse på) andre sine tårn.
  • De må byggje oppå pulten.
  • Det er ikkje lov til å bruke noko anna enn dei 7 A4-arka, men de kan gjere kva de vil med dei.


Kven er eg?

De skal gisse namnet til ein kjend person. Til denne leiken treng de

  • pennar og små post-it-lappar eller papirlappar og tape

Del klassen i grupper på 3–5 elevar. Kvar person i gruppa skriv namnet på ein kjend person som alle veit kven er på ein lapp – til dømes Beyonce, Kong Harald, Batman eller Greta Thunberg.

Fest deretter lappen på panna til personen til venstre for deg. Alle i gruppa skal så prøve å finne ut namnet dei sjølv har festa til panna.

Reglar

  • De har berre lov til å stille ja- og nei-spørsmål.
  • Viss du får ja på spørsmålet ditt, kan du stille eit nytt spørsmål.
  • Viss du får nei på spørsmålet ditt, går turen vidare til neste person.
Ei gruppe ungdommar sit og står rundt ein annan person som skriv. Foto.

Anten–eller

I denne leiken skal elevane ta standpunkt og debattere ulike enkle spørsmål. Læraren les opp eit anten– eller-spørsmål – til dømes: "Liker du kattar eller hundar?"

Elevane går deretter til to ulike hjørne av klasserommet. Dei som liker kattar, går i eit hjørne, og dei som liker hundar, går i eit anna.

Kvar gruppe snakkar først saman i eit par minutt om kvifor dei sjølv har rett. Deretter diskuterer dei to ulike gruppene med kvarandre. Kva er best? Kvifor?

Denne øvinga kan de òg gjere med fire ulike svaralternativ i staden for to.

Anten–eller-spørsmål med to alternativ:
  • vere inne eller ute?
  • pengar eller ry?
  • film eller seriar?
  • pasta eller pizza?
  • aldri vaske håret eller aldri pusse tenner?
  • reise kvar einaste dag eller aldri reise heimefrå?
  • drive sport eller sjå på sport?
  • pannekaker eller vaflar?
  • morgon eller kveld?
  • mobil eller PC/Mac?
  • kunne flyge eller vere usynleg?
  • julaftan eller bursdag?
  • Netflix eller YouTube?
  • ninja eller pirat?
  • søtt eller salt?
  • kake eller is?
  • fjell eller sjø?
Anten–eller-spørsmål med fire alternativ:
  • søtt, salt, surt eller alt på ein gong?
  • Netflix, YouTube, film eller HBO?
  • action, drama, komedie eller thriller?
  • nord, sør, aust eller vest?
  • sove, spele, ete eller slappe av?
  • rap, rock, pop eller noko anna?
  • kake, is, brus eller snacks?
  • tog, fly, bil eller båt?

Felles og unik

Kva har de felles, og kva gjer dykk unike? Sjå gjerne denne videoen frå dansk TV2 som inspirasjon før de startar. Del deretter klassen opp i grupper på tre til fem personar og arbeid med desse spørsmåla:

  1. Kva har de felles?



    Kvar gruppe skal skrive ned minst sju eller åtte ting som alle i gruppa har felles. Unngå heilt sjølvsagte ting som at alle er menneske, har klede, går på skulen og så vidare. Forsøk å finne det litt meir grunnleggjande de har til felles.



    Til slutt les éin i gruppa opp lista for dei andre elevane.

  2. Kva gjer dykk unike?



    Deretter skal gruppa finne minst to unike ting ved kvar av personane i gruppa – noko hen ikkje deler med nokon av dei andre. Unngå overflatiske ting som utsjånad, klede og så vidare.



    Gruppa kan deretter velje ut to eller tre døme, som er godkjende av eigaren, og la dei andre i klassen gisse kven i gruppa det gjeld.

Kven gjorde det?

Del klassen i grupper på fire til seks elevar. Kvar elev skriv noko spennande, morosamt, rart eller spesielt dei sjølv har gjort (jo morosamare, jo betre). Deretter legg gruppa lappane midt på bordet.

Kvar person trekkjer ein lapp og les han høgt for dei andre. Hen skal deretter prøve å gisse kven av dei andre som har gjort det som står på lappen. Viss hen trekkjer sin eigen lapp, legg vedkommande han berre tilbake og trekkjer ein ny.

Det store eggdroppet

Dette er ein klassisk bli-kjend-leik. Målet er sleppe eit egg ned frå 1–10 meter utan at det knuser.

De treng

  • eitt rått egg til kvar gruppe
  • materiale som til dømes tau, hyssing, tape, ballongar, papir, papp, bomull, toalettpapir, saks eller liknande
  • eit fall på 2–10 meter der de kan sleppe ned egget

Del klassen i grupper på 3–4 elevar. Kvar gruppe lagar ei innretning som vernar egget, slik at det ikkje knuser mot bakken. Her er det berre fantasien som set grenser.

Ta gjerne ein lite pause undervegs, der kvar gruppe fortel om planen sin. Test til slutt kven som klarer å droppe egget utan at det knuser.

Kor godt kjenner de kvarandre?

I denne leiken skal de teste kor godt de kjenner kvarandre. Han passar fint etter at elevane i klassen har rokke å bli litt kjende, gjerne på slutten av den første veka.

  1. Del klassen i grupper på fire til seks elevar. Læraren kviskrar eller gir elevane ein lapp med namnet på ein av dei andre i gruppa.
  2. Kvar person skal skrive ein eller to positive og hyggjelege ting om den personen dei har fått utdelt. Dette kan gjerne vere noko fint den andre personen har gjort gjennom veka, eller noko spennande de har lært om hen.
  3. Lappane blir lagde i midten på bordet, og dei andre elevane skal gisse kven det er.
Sist oppdatert 27.12.2019
Tekst: Lars Hvaal og Karl Henrik Aanesen (CC BY-SA)

Læringsressursar

Ny på vidaregåande

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar