Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Casar om klassemiljø

Alle bør ha ein bra skulekvardag. Her er eit utval casar som lærar og elevar kan jobbe med for å sikre eit godt miljø og vere i forkant før uheldige ting kan oppstå.
Fire ungdommar med skulebøker i gangen på skulen. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jobb førebyggjande med å få eit godt og trygt klassemiljø, slik at du og dine medelevar får ein god skulekvardag. Her er ei rekkje casar som de kan ta stilling til tidleg i skuleåret.

Kva er di rolle i klassen? Korleis kan vi alle bidra til eit godt klassemiljø?

Organisering

Reflekter over temaa aleine og i grupper. Start aleine og samle dykk så i grupper der de snakkar om temaa. Det kan vere somme tema som er sensitive, så det er lurt å velje ein måte å jobbe med casane på som ivaretek elevane.

Framgangsmåte når de jobbar med casane

  • Jobb først med "Casar del 1 " éin og éin. Skriv stikkord.
  • Samle dykk i grupper og ta for dykk casane saman. Vel ein referent på gruppa.
  • Lærar samlar inn referata eller tek ein felles gjennomgang i plenum der gruppene presenterer det dei har snakka om.
  • Lærar samanfattar og kvalitetssikrar svara og deler med elevane. Bruk dette gjennom året viss det oppstår problemstillingar knytte til casane.
  • Viss det er tid, så kan de jobbe med eit utval av casane i "Casar del 2". Bruk same framgangsmåte. Byt grupper.

Casar del 1

Start med å reflektere over spørsmåla under individuelt. Skriv inn stikkord.

Casar del 2

Her er fleire casar de kan jobbe med. Vel ut eit par av desse. Vel anten ut frå bildet eller lista under.

Casar del 2

Kva gjer du viss

  1. du føler at du ikkje kan seie noko høgt i klassen?
  2. det er låg interesse for fag og skule i klassen, og du eigentleg er interessert i begge delar?
  3. du er på gruppe med nokon som tek regi og overkøyrer dei andre?
  4. du er på gruppe med nokon som er mykje borte, eller bidreg lite?
  5. du har ein vanskeleg dag og eigentleg ikkje vil dra på skulen?
  6. du ser at nokon har det vanskeleg?
  7. du føler at du blir halden utanfor?
  8. du skulle ønskje at de i klassen hadde eit bedre miljø?
  9. du ønskjer å bli betre kjent med nokon i klassen?
  10. du slit med å forstå tema, oppgåver eller undervisninga?
CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2019

Læringsressursar

Ny på vidaregåande