Hopp til innhald

Ny på vidaregåande

På vidaregåande møter du eit nytt sosialt miljø og nye faglege utfordringar. Korleis kan du meistre dei sosiale og faglege utfordringane på best mogleg måte?
Elevar snakkar saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du startar på vidaregåande, møter du på mange nye utfordringar. Det er spesielt to ting mange ungdomar er spente på:

  1. Det første er det sosiale miljøet. Kjem eg til å få nokre nye vener? Korleis er miljøet i klassen?
  2. Det andre er dei faglege utfordringane. Kjem eg til å takle auka krav og ei arbeidsform som kanskje er annleis?

Ein god start på vidaregåande er avhengig av at du jobbar med begge desse utfordringane. Vi har derfor delt ressursane i denne casen i to delar: éin for sosiale og éin for faglege utfordringar.

Å meistre dei faglege og sosiale utfordringane du møter på vidaregåande, krev i like stor grad praktiske ferdigheiter som kunnskap. Vi har derfor laga mange praktiske øvingar og oppgåver. Gjennom samarbeid og diskusjonar vil du bli betre kjent med dei nye klassekameratane dine og samtidig øve deg i praktisk samhandling og relasjonsbygging.

Nytt miljø

Eit godt klassemiljø og gode relasjonar til klassekameratar og lærarar er viktig for å trivast på skulen. Eit godt klassemiljø er noko du skaper saman med dei andre elevane i klassen. Saman kan de skape eit trygt miljø der alle tar vare vare på kvarandre og føler dei kan vere seg sjølve.

Aktuelle spørsmål er:

  • Kven er klassekameratane dine, eigentleg?
  • Korleis blir du kjent med andre?
  • Korleis kan du og dei andre i klassen byggje eit godt klassemiljø?
  • Kva skal du gjere viss du sjølv eller andre fell utanfor?
  • Korleis kan du bruke sosiale medium for å skape eit godt miljø?

Ny arbeidskvardag

På vidaregåande møter du nye faglege utfordringar. Eit viktig hjelpemiddel for å meistre faglege utfordringar er læringsstrategiar. Jo betre framgangsmåtar du bruker når du lærer, jo lettare er det å lære nye ting. Det er òg viktig at du strukturer tida. Skal du få plass til mange ulike aktivitetar, er det viktig at du prioriterer mest mogleg effektivt.

Aktuelle spørsmål:

  • Korleis skal eg bruke tida mest mogleg effektivt?
  • Korleis strukturerer eg arbeidsdagen på ein god måte?
  • Korleis lærer eg best mogleg?
  • Kva for læringsstrategiar fungerer best for meg?

Slik kan de jobbe med denne casen

I lista under finn de ressursar som er henta frå fleire fag. De kan jobbe med ressursane enkeltvis eller setje saman fleire.

Vi har òg sett saman nokre av ressursane i forskjellige læringsstiar. Bruk stiane som dei er, tilpass dei til eige bruk eller lag din eigen sti på stier.ndla.no

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 18.11.2019

Læringsressursar

Ny på vidaregåande