Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Klassereglar

Bra klassemiljø? Det er du og dei andre i klassen som bestemmer. I denne oppgåva skal de arbeide fram ei felles beskriving av korleis de vil ha det i klassen.
Seks ungdommar står i ring og ser ned i kamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit godt klassemiljø er avhengig av at alle bidrar, og at de i fellesskap finn ut korleis de vil ha det.

Til oppgåva kan de bruke samtavla.

Rettleiing: Ndla: Innføring i Samtavla

Oppgåver:

  1. Start ein og ein. Skriv ein kort tekst om korleis du vil ha det i klassen. Kva ønskjer du at kjenneteikna på klassen skal vere?

    Dette kan de til dømes gjere ved å skrive inn anonyme forslag i samtavla.
  2. Les kva dei andre har skrive.
  3. Jobb saman to og to: Formuler tre positive punkt eller reglar som de meiner bør kjenneteikne klassen.
  4. Jobb saman fire og fire: Diskuter forslaga de har kome fram til. Plukk i fellesskap ut dei tre beste forslaga.

    Dette kan de til dømes gjere ved leggje inn dei tre forslaga i samtavla.
  5. Kvar gruppe vel ein talsperson som presenter forslaga til gruppa for dei andre i klassen.
  6. Skriv forslaga opp på ei liste, slå saman like forslag, og utfør ei avstemming. Forslaga med flest stemmer (om lag 4–6) blir hengt opp på ein plakat i klasserommet.
  7. Gjennomfør ei evaluering etter eit par veker, gjerne som ei anonym undersøking. I kva grad klarer de å følgje opp punkta på klasseplakaten?
CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 09.02.2022

Læringsressursar

Ny på vidaregåande