Eufemisme og dysfemisme - Norsk (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Eufemisme og dysfemisme

Eufemismar er forskjønnande omskrivingar, dysfemismar er omskrivingar med nedsetjande tyding. Begge typar omskrivingar er vanlege i kvardagsspråket.

Eufemisme

Ein eufemisme er eit uttrykk som "pakkar inn" noko som kunne bli oppfatta som skremmande, uhøfleg eller støytande viss vi hadde uttrykt oss direkte. Vi bruker til dømes ofte eufemismar når vi snakkar om tema som død, krig, sjukdom, kroppsfunksjonar og sex.

Døme

  • sovne inn, gå bort
  • sivile tap, kirurgisk bombing
  • late vatnet, ha avføring

Men eufemismar kan òg heilt enkelt vere humoristiske. "Her kjem jo våre håpefulle!" kan foreldre seie og meine barna sine. Og "min betre halvdel" er eit ofte brukt uttrykk for ektefelle.

Kvar kjem ordet eufemisme frå?

Ordet eufemisme kjem frå gresk (eu = god, feme = tale). Ordet blir uttalt med trykk på nest siste staving (eufemisme). Grekarane trudde at det ville bringe ulykke å nemne namnet på gudane, derfor brukte dei respektfulle omskrivingar i staden. Desse omskrivingane blei kalla eufemismar. Havguden Poseidon blei til dømes kalla "jordrystaren". Dei norrøne gudane hadde òg slike respektfulle tilnamn.

Dysfemisme

Ein dysfemisme er det motsette av ein eufemisme. Her bruker vi ord og omskrivingar som har nedsetjande tyding. Nett som eufemismar kan òg dysfemismar nokre gonger vere humoristiske.

Døme

  • Ordet kæbe blir brukt om "jente, hore" av ungdom i Oslo. Ordet er henta frå berbisk og betyr opphavleg "hore".
  • Ordet neger blir i dag allment oppfatta som ein dysfemisme, og vi unngår å bruke det.
  • Ein annan dysfemisme er ordet potet, brukt om ein lyshuda person.

Dysfemismar kan bli eufemismar – og omvendt

Ord kan endre tyding, både i positiv og i negativ retning. Mange vil vere usamde i at ordet kæbe framleis er ein dysfemisme, sjølv om den opphavlege tydinga av ordet heilt klart er "hore". (Kanskje er det dei som blir omtala som kæber, som bør ha det siste ordet i denne saka?)

Den unemnelege plassen

Toalett er eit døme på eit ord som har gått vegen frå "fint" til "normalt" i Noreg, og frå "fint" til "ikkje fint" i USA. Ordet er opphavleg fransk og var ein gong ein eufemisme for ein viss stad (som òg er ein eufemisme). I norsk har toalett i dag blitt eit "normalord" på linje med do.

Men do på si side var ikkje noko særleg pent uttrykk for femti år sidan, då skulle det heite Eg må på doss. Kva doss tyder? Akkurat det same som do, men ved å forvanske ordet kunne ein nemne tingen utan å seie ordet do likevel. (Den gongen var det heller ikkje pent å seie rumpe, og ein brukte den same forvanskingsstrategien og kalla kroppsdelen for stump eller pomp.)

Og så var det amerikanarane, som ikkje lenger er nøgde med toilet room. Dei synest restroom er meir passande no til dags. Snart sluttar dei kanskje heilt å urinere eller produsere avføring?

Relatert innhald

Skrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 11.12.2018