Hopp til innhald
Bokmål
Forklaringsartikkel

Skjeremunnstykke

Skjeremunnstykket blir montert på skjereansatsen med koplingsskruen. Det finst skjeremunnstykke for både X11 og X21.

Holbiletet i eit tverrsnitt av skjeremunnstykket viser ein sirkel med hol for blandgass (acetylen og oksygen) og eit hol i senter for skjereoksygen. Eit ueigna flammebilete kan forbetrast ved hjelp av reinsenåler.

Skjeremunnstykke er laga av messing eller kopar. Desse materiala er valde på grunn av stabiliteten ein oppnår ved at smelta stål eller jern ikkje fester seg termisk.

Med "normalmunnstykke" for X21 kan ein skjere godstjukkleik opptil 500 mm.

Skrive av Bjørn Dølving. Rettshavar: Bjørn Dølving
Sist fagleg oppdatert 06/09/2022