Krom

Krom (engelsk: chromium) har atomsymbol Cr og atomnummer 24. Dette grunnstoffet er eit svært sølvaktig metall. I tillegg er det sterkt og vernar seg sjølv mot korrosjon. Krom som mellom anna cortenstål har eit oksidlag som vernar metallet.
Du kjenner kanskje til krom frå før? Krom gir ein veldig fin utsjånad på mellom anna bilar, båtar, felgar og pyntelister. Dette er ein liten del av det store bruksområdet til krom. Det gir både ei sterk og fin overflate som du kan spegle deg i, samtidig som det ikkje rustar.
Krom blir òg tilsett i jern som eit legeringselement som gjer metallet eller legeringa meir motstandsdyktig mot rust. Stål og rustfritt stål er begge gode døme der det blir brukt krom i ulike mengder. Vi snakkar ofte om superlegeringar der krom speler ei svært viktig rolle.