Forklaringsartikkel
Lagerkode – tetning

Lagertetning av polymer-materiale. Bilete: Bjørn Dølving / CC BY-SA 4.0
Ein lagerkode kan fortelje om kva slags tetning lageret er utstyrt med. Som hovudregel fortel koden om materialet på tetninga, og om det er tett på éin eller to sider.
Kodane er slik:
Z – einsidig metallskjold
ZZ – dobbeltsidig metallskjold
RS – einsidig gummitetning
2RS – dobbeltsidig gummitetning
V – berøringsfri tetning (berøringsfri tetning vil seie at tetninga ikkje er i kontakt med lagerringane)
VV – dobbel berøringsfri tetning
DDU – dobbeltkontakt-tetning (når tetninga står i kontakt med lagerringane, gjer det lageret tettare, men det er meir utsett for varmgang)
M – bronsetetning