Forklaringsartikkel
Motstand
Fargekodar på motstandar. Bilete: Industriskolen, Junie Loftesnes / CC BY-SA 4.0
Motstandar, eller resistorar (frå engelsk), finst med mange ulike verdiar. Fargekoden på motstanden angir kva verdi motstanden har. Kvar farge står for eit tal mellom 0 og 9. Det er viktig å velje rett verdi ut frå kva du skal bruke motstanden til.
Grunnen til at vi bruker motstandar, er at vi i enkelte tilfelle ønskjer å avgrense straumen i ein komponent eller å etablere eit spenningsnivå, slik vi oppnår med ein spenningsdelar. Spenninga over ein motstand vil ifølgje Ohms lov auke proporsjonalt med straumen i han. Dette nyttar vi oss av når vi ønskjer å gjere om ein varierande motstandsverdi – slik til dømes mange sensorar har – til ei varierande spenning.
Kva veg vi plasserer motstanden, har ingenting å seie for verkemåten.