Forklaringsartikkel
Temperatursensor

Ein temperatursensor av typen TMP36. Bilete: Haldor Hove / CC BY-SA 4.0
Ein temperatursensor av typen TMP36 registrerer temperaturen og gir ut ei spenning som er proporsjonal med temperaturen. Temperatursensorar blir gjerne brukte i elektroniske termometer eller i termostatar for å regulere varmeomnar.
Vi kan også bruke temperatursensoren for å verne elektronikk. Det gjer ein ved at straumen blir broten når temperaturen overskrid eit maksimalt nivå. Hos ein TMP36-sensor aukar spenninga med 10 mV per grad celsius. Ved 0 °C vil spenninga vere 0,5 V.