Forklaringsartikkel
Maskinskrue

Metriske gjenge, NS 1073. Bilete: Bjørn Dølving / CC BY-SA 4.0
Ein maskinskrue har, som namnet tilseier, ein styrke som saman med fleire skruar kan brukast til å byggje og halde saman både maskiner og andre konstruksjonar som det blir stilt høge krav til.
Ein maskinskrue er sylindrisk i forma og har faste og like gjenge. Ein slik skrue kan du montere i ein gjenga del, ei motorblokk eller i ein stålkonstruksjon.
Du kan òg montere ein mutter for å låse saman to delar. Dette kan vere alt frå ulike metall til bordbein på kjøkkenet.
Ein maskinskrue finst i fleire standardar. Dei vanlegaste er metrisk og unified (tommar).