Hopp til innhald
Bokmål
Forklaringsartikkel

Robotikk

Kva er fordelen med robot og teknikk saman, trur du? Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0

Ordet «robotikk» er samansett av to ord: robot og teknikk/teknologi. Målet med robotikk er å gjere ein arbeidsoperasjon meir nøyaktig eller einsarta. Du kan ha mange ulike operasjonar og oppgåver. Fellesnemnaren er at utføringa er lik kvar gong.

Ein fordel med robotikk er at vi kan gjenta repetisjonane og variere hastigheita. Slik sørgjer vi for at prosessen blir utført likt kvar gong, og vi kan kanskje få opp tempoet.

Robotikk handlar også om ulike produksjonsmåtar. Her er automasjon, elektronikk, programmering og design heilt avgjerande for å lykkast med robotikk.