Batteridrill
Batteridrillen blir brukt til både boring og skruing. I kofferten ein oppbevarer han i, bør det vere både eit sett med ulike typar bor og eit bitssett med haldar. Det bør òg vere eit ekstra batteri og ein ladar i kofferten. Du bør alltid sørge for at reservebatteriet er ladd opp.
Spenning (V) og amperetimar (Ah) gir ein indikasjon på kor sterk drillen er, og kor lenge drillen kan brukast før batteria må ladast. Dette blir oppgitt i straumtimar eller amperetimar (Ah). Andre faktorar som kan påverke drillen, er hurtiglading og sambruk av batteri der det mogleg. Nokre batteridrillar har òg moglegheiter til utføre boring med slag. Andre faktorar det er viktig å merke seg, er vekt, godt grep og at drillen er vektmessig balansert. Ein god batteridrill toler dagleg røff bruk.
Ved arbeid i høgda skal han sikrast med stropp til handledd, belte eller liknande.