Hopp til innhald
Bokmål
Forklaringsartikkel

Utluftingsfilter, tank

Alle hydraulikktankar, store som små, har eit utluftingsfilter. Dette filteret er nødvendig for å sikre at luft kan strøyme både ut og inn ved bruk. I hovudsak snakkar vi om at det ikkje skal kunne vere vakuum i tanken.

Utluftingsfilteret hindrar òg at det kjem forureiningar som blad og større partiklar inn i olja, som vil vere skadeleg for pumper, ventilar og resten av systemet.

Ei ulempe ved sjølve utluftingsfilteret er at olja trekkjer til seg fukt, og over tid vil olja få lågare (dårlegare) kvalitet når det gjeld smørjeevne og evne til å ta opp forureiningar, ho blir mindre temperaturdyktig og toler mindre belastning, for å nemne nokre hovudpunkt.

Skrive av Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 10/01/2021