Hopp til innhald
Bokmål
Forklaringsartikkel

Vernebriller

Partiklar og kjemikal

Vernebriller blir nytta i område der du kan bli utsett for sprut av skadelege partiklar eller kjemikal.

Sponfråskiljande verktøy, både handverktøy og maskiner, gir spon til omgivnadene. Slike spon kan sendast ut i omgivnadene med stor kraft. Desse sponane kan forårsake kutt og sårskader, mest alvorleg viss du skulle få det i auga. Spon frå maskiner kan vere varme, sjølv små spon kan brenne seg fast i auget. Det kan føre til alvorlege augeskadar, og i verste fall kan du miste synet.

Alle område der du kan bli utsett for dette, skal merkast med påbodsskilt om bruk av vernebriller.

Viss du beveger deg inn i eit område som er merkt med dette skiltet, er det ein fare for at auga dine kan bli utsett for partiklar eller kjemikal, og det er påbode å nytte vernebriller.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 12/01/2022