Hopp til innhald
Bokmål
Forklaringsartikkel

Rib

Video: Torbjørn Helgesen Nordvik / CC BY-SA 4.0

Rib betyr forsterkning med ribbar. Her bruker du Rib-funksjonen, med delen sett frå sida. Du bør velje sideplanet før du vel Rib-funksjonen.

Ribbar kan samanliknast med ribbeina i kroppen vår. Dei støttar opp og forsterkar, utan at vi får for mykje massivt bein. Slik er det òg på delar vi ønskjer å styrkje, men ofte vil det vere avgjerande at vekta er så låg som mogleg.

Skrive av Haldor Hove. Rettshavar: Torbjørn Nordvik Helgesen
Sist fagleg oppdatert 07/27/2021