Forklaringsartikkel
Flytmålar

Bilete: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0
Flytmålaren er eit måleverktøy som er montert på eit gassanlegg for å måle kor mykje gass som går gjennom gassanlegget, til dømes fram til eit sveiseapparat som TIG.
Flytmålaren fungerer ved at ei kule i ein nøye tilpassa sylindrisk glaskolbe blir løfta opp av gassen som passerer kula. Jo meir gass som blir nytta, jo høgare i kolben bevegar kula seg.
Flytmålar blir kalla flowmeter på engelsk.