Forklaringsartikkel
Hestekraft

Bilete: akg-images, NTB scanpix / CC BY-NC-SA 4.0
Hestekraft (hk) er ei måleining for effekt. På engelsk blir ho kalla horsepower (hp).
Bakgrunnen for måleininga er at ein ønskte å måle kor mange hestar ein dampmaskin kunne erstatte. Grunnlaget for samanlikninga var at ein antok ein hest kunne løfte 75 kilo 1 meter i løpet av 1 sekund.