Forklaringsartikkel
S-kommando
Døme på s-kode (S500). Bilete: Roger Rosmo / CC BY-SA 4.0
S-kommandoen blir nytta ved ISO-programmering av ei CNC-styrt maskin.
Han beskriv kva spindelfart eller overflatefart maskina skal nytte.
Døme: Kva fart som blir definert, blir bestemd av ein g-kommando, der G97 fortel maskina at ho skal nytte spindelfart, og G96 angir overflatefart.
G97 S1000 fortel maskina at s-kommandoen gir spindelfart, og at spindelfarten skal vere 1000 omdreiingar per minutt.