Forklaringsartikkel
Fagverk

Bilete: Carina Johansen / CC BY-NC-SA 4.0
Eit fagverk er ein berande konstruksjon som er basert på trekantar. Fagverkskonstruksjonen består av ståande eller liggjande bjelkar med stavar som er feste skrått mellom bjelkane. Føremålet er å fordele trykk- og strekkbelastningar over heile lengda av bjelkane. Konstruksjonen er sterkare enn bjelkane ville vore åleine.
Døme på fagverkskonstruksjonar er Eiffeltårnet, straummaster, heisekraner og nokre brukonstruksjonar. Offshore finst fagverk i kraner og boretårn, i beina til jackup-riggane og i understellet til jacket-plattformene.