Hopp til innhald
Bokmål
Forklaringsartikkel

Overheng

Overheng innan sponfråskiljande bearbeiding er ei skildring av lengda på arbeidsemnet som er utanfor oppspenninga.

Ved dreiing vil overhenget vere frå enden av kjoksen til enden av arbeidsstykket. For å få mest mogleg stabil oppspenning er det viktig at overhenget ikkje er større enn nødvendig.

Viss det er behov for eit stort overheng, må du nytte senterspiss eller ei brille.

Ved fresing er overhenget den delen av arbeidsemnet som er utanfor maskinstikke eller anna oppspenning.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 12/02/2022