Forklaringsartikkel
Svingjern for utvendige gjenge

Bilete: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0
Eit svingjern for utvendige gjenge blir brukt med ein gjengebakke, som også blir kalla gjengesnitt.
Svingjernet bruker du til å gjenge for hand, sidan krafta du treng, er i sjølve handtaket. På den måten klarer du å lage gjenga med gjengebakken.
Du bestemmer storleiken på og standarden til gjengebakken med utgangspunkt i arbeidsteikninga eller bolten du har framfor deg. Dei vanlegaste standardane er metrisk og UNC (tommar).
Døme på bruk av metrisk standard: M12 = 12 mm.
Døme på bruk av UNC-standard: UNC 3/8" = 3/8 tommar.