Hopp til innhald
Bokmål
Forklaringsartikkel

Talk

Talk er eit mineral som er kvitt eller svakt grønaktig i fargen, og det er veldig blautt og kjenst fettaktig. Ein kan skrive eller krite med dette mineralet.

Talk blir brukt til mykje i industriell produksjon, som fyllstoff i papir, til farging eller som talkum (til dømes i tannpasta).

Talk finst i større mengder i Noreg i magnesiumrike bergartar, og vi har det òg i kleberstein.