Forklaringsartikkel
Tittelfelt
Teknisk teikning. I denne teikninga står teikningsnummer, målestokk, posisjonsnummer (1,2 og så vidare, dersom det er fleire deler på same side), dimensjonar, talet i ein serie, kven som har teikna delen, kva material som skal brukast, toleranse og kontrolldata. Bilete: Bjørn Dølving / CC BY-SA 4.0
Eit tittelfelt inneheld detaljar som i tillegg til den tekniske teikninga skal gi ein operatør nok informasjon til å lage delen.
Tittelfeltet kan òg innehalde meir detaljerte skildringar som revisjonar av teikningar, endringar, erstatningar med meir.