Hopp til innhald
Bokmål
Forklaringsartikkel

Dc-motor

DC står for direct current, eller likestraum, og det betyr at DC-motoren kan brukast i anlegg der straumen går i éi retning. Han gjer om elektrisk energi til mekanisk energi når straum blir tilført eit kontaktpunkt, som i ein krins. Coilen i motoren blir magnetisert når straumen "flyt" gjennom leidningane (coilen). Dette gjer at dette magnetfeltet tiltrekkjer og støyter frå seg magnetar som sit rundt inne i motoren, og han vil då spinne rundt.

Endrar du tilkoplingar på pluss og minus, vil motoren få endra polaritet eller reversert straum og spinne den andre vegen.