Arranger eit folkemøte - Norsk (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Arranger eit folkemøte

Planane om eit stort vindkraftverk har skapt eit stort engasjement på heimstaden din. Det er mange og sterke meiningar på begge sider, og stemninga kan av og til bli opphissa. Klassen skal her planleggje og arrangere eit tenkt folkemøte.

Eit folkemøte er eit møte der alle som ønskjer det, kan komme for å få informasjon, komme med innlegg og diskutere ei sak. Eit folkemøte kan vere i samband med valkamp eller om ei sak som gjeld mange, men ofte skjer dette i samband med utbygging i eit lokalområde. Det kan vere endringar i kollektivtilbud, utbygging av bustader, hytteområde, kraftverk – eller som i vår case: vindturbinar.

Oppgåve

De skal planleggje og arrangere eit tenkt folkemøte i samband med eit planlagd vindkraftverk som skal byggjast ut i dykkar lokalområde. Dette betyr at de må fordele oppgåvene de imellom, både på planleggingsstadiet og når det gjeld roller i sjølve folkemøtet.

Roller:

  • 4–5 personar kan jobbe med planlegging av folkemøtet.
  • 1 person skal ha innlegg frå utbyggar si side.
  • 1 person er grunneigar, som skal leggje fram sitt dilemma.
  • Minst 1 person skal ha eit innlegg/ein tale der vedkommande er positiv til vindkraftverket.
  • Minst 1 person skal ha eit innlegg/ein tale der vedkommande er negativ til vindkraftverket.

Alle taleskrivarane får hjelp av rådgivarar eller vener. De skal samarbeide om innhaldet og trene på framføringa i grupper.

Del 1: Planlegging

Gruppa som skal planleggje folkemøtet: Det er ei rekkje spørsmål det er viktig å finne svar på, som

  • korleis de skal sørgje for å få flest mogleg til å komme på møtet.
  • kven som skal delta og halde talar og informasjon på møtet.
  • at nokon i tillegg må vere ordstyrar på møtet. Kven eignar seg?
  • om det kan vere ein idé å filme møtet. Kven skal gjere det?

Lag planen og utform informasjonmateriellet.

Del 2: Taleskriving – fordel rollene

  1. Representant for utbyggar av vindkraftverket: Du skal leggje fram kvifor du meiner det er nødvendig med utbygginga. Saman med rådgivarane dine skal du planleggje innhald og form på talen. Dei ser på og kjem med gode råd når du øver på å halde talen.
  2. Grunneigar: Du ser at du både kan vinne og tape på utbygginga, og du slitst mellom eiga vinning og miljøomsyn. Rådgivarane dine hjelper deg med å setje opp fordelane og ulempene ved utbygginga, og dei kjem med gode råd undervegs når du formar ut talen.
  3. Innbyggar som er for vindkraftverket: Du skal leggje fram dine eigne meiningar og grunngi desse godt. Ei gruppe vener hjelper deg med å forme ut talen/innlegget. Dei ser på og kjem med gode råd når du øver på å halde talen.
  4. Innbyggar som er imot vindkraftverket: Du skal leggje fram dine eigne meiningar og grunngi desse godt. Ei gruppe vener hjelper deg med å utforme talen/innlegget. Dei ser på og kjem med gode råd når du øver på å halde talen.
Tips til grunneigar

Dette er forslag til nokre moment som kan takast med i talen. Finn gjerne på eigne eller fyll ut desse:

  • Du har interesser i nokre næringsaktivitetar som blir påverka av vindturbinane.
  • Klimaendringane har du allereie merka på kroppen. Du ser med bekymring på utviklinga og har fått eit personleg engasjement for å utvikle fleire måtar å produsere rein energi på.
  • Du blir tilbydd ein pen erstatningssum for å frigjere areal til vindturbinane. Pengane vil du kunne bruke til å investere i andre tiltak som vil vere bra for miljøet. Dessutan har andre i familien også interesse i at det blir utbetalt ein stor erstatningssum.
  • På den andre sida ønskjer eit av barna dine å overta eigedommen. Det vaksne barnet ditt har planer som ikkje vil kunne gjennomførast viss det blir sett opp vindturbinane. Hen ønskjer å overta og drive eigedommen vidare slik han er i dag. Du opplever at dette kan utvikle seg til ein familiekonflikt.
  • Det er ein del fuglar i området som vil få hekkinga forstyrra, og som kan bli negativt påverka av vindturbinane. Området er også eit populært turområde, og lokalbefolkninga har oppretta protestgrupper mot vindturbinane.

For alle som skal halde tale eller innlegg gjeld følgjande:

  • Skriv ned fem punkt de meiner bør vere med i talen. Korleis innleier de, kva argument skal de bruke, og korleis avsluttar de talen?
  • Skriv ned tre punkt de meiner er viktige å tenkje på for at talen skal påverke tilhøyrarane sitt standpunkt. Kva retoriske grep vil de bruke? Er det måtar å argumentere på som er uheldige?
  • Tenk over rolla du har. Kva forventar tilhøyrarane frå deg? Korleis kan du styrkje truverdet ditt (etos)?
  • Skriv deretter talen. Når de skal halde talen: Hugs at stemmebruk og kroppsspråk også påverkar korleis det du seier blir oppfatta.

Del 3: Gjennomføring

Gjennomfør folkemøtet. Ein i planleggingsgruppa skal vere ordstyrar. Dei som ikkje skal halde talar eller innlegg, er publikum.

Hugs at det er mogleg å stille spørsmål til dei som har hatt taletid på eit folkemøte. Det er lurt at de som er publikummarar vel om de vil vere for eller imot på førehand. Då er det lettare å engasjere seg og stille spørsmål undervegs. De kan også fordele nokre roller dykk imellom. Her kan ein til dømes vere politikarar i kommunen, grunneigarar, medlemmar i interesseorganisasjonar, miljøverngrupper etc.

Del 4: Vurdering

Diskuter i klassen:

  • Korleis fungerte gjennomføringa av folkemøtet?
  • Kva talar og innlegg verka mest overtydande, og kvifor?
Skrive av Marthe Moe, Inga Berntsen Rudi og Randi Helene Tillung.
Sist fagleg oppdatert 19.02.2020