Argumentasjon og retorikk – kva kan du?
Del 1: Test deg sjølv
Veit du svara på spørsmåla nedanfor? I så fall har du arbeidd godt med kapittelet om argumentasjon!
- Kva vil det seie å argumentere?
- Forklar omgrepa standpunkt, argument og premiss.
- Kva for tre krav bør vi stille til faktaargument?
- Vi skil mellom open og skjult argumentasjon. Kva er forskjellen mellom dei to argumentasjonsformene?
I retorikken eller talekunsten bruker vi omgrepa etos, logos og patos i staden for open og skjult argumentasjon.
- Kva ligg i dei tre omgrepa?
- Kva for eit omgrep svarer til den opne argumentasjonen?
- Kva for omgrep svarer til den skjulte argumentasjonen?
Når vi trekker logiske slutningar, set vi opp premissar og trekker konklusjonar på grunnlag av dei. Gje eit døme på
- ei god logisk slutning
ei dårleg logisk slutning
Del 2: Kva for verkemiddel?
Under ser du ulike utsegn som alle har som mål å overtyde deg om at du bør kjøpe eit produkt. Det er brukt patos og skjult argumentasjon i alle døma, men kva verkemiddel er det som søker å styrke patosen?
Del 3: Lag ein reklame
Jobb saman i grupper.
De jobbar i reklamebyrået Triks & Knep. Ei bedrift har kontakta dykk og ønsker at de skal lage ein reklameplakat eller ein reklamefilm for produktet dykkar.
- Lag reklamen! Lag eit fiktivt produkt som de prøver å selje ved å bruke mange ulike verkemiddel som speler på patos.
- Vis reklamane for resten av klassen. La medelevane dykkar analysere sluttproduktet.
- Avslutt med å kåre det beste reklamebidraget i klassen.
Relatert innhald
Om forskjellen mellom open og skjult argumentasjon, og om korleis desse to omgrepa samsvarer med dei retoriske fagomgrepa etos, logos og patos.
Om språklege verkemiddel som ein del av den skjulte argumentasjonen.