Språk som påverkar - skjult argumentasjon

Før du les
Sjå nærare på fagomgrepa du møter i artikkelen, før du les vidare:
- Språklege verkemiddel
- Språklege verkemiddel er ord og måtar å snakke på som vi vel for å påverke den som høyrer eller les.
- Argumentasjon
- Argumentasjon er det du seier eller skriv for å få fram meininga di i ein diskusjon. Du bruker argumentasjon for å få andre til å bli einige med deg.
- Skjult argumentasjon
- Skjult argumentasjon er når vi prøver å påverke kjenslene til den som høyrer eller les. Vi bruker ofte ulike språklege verkemiddel for å påverke kjenslene.
- Standpunkt
- Eit standpunkt er ei haldning eller eit syn i ei sak.
Kva er open argumentasjon?
Når du vil overtyde nokon om at du har rett, kan du bruke ulike metodar. Ein metode er å vise til faktum og det som er logisk (logos). Dette blir kalla open argumentasjon.
Kva er skjult argumentasjon?
Men du kan òg påverke kjensler (patos) eller prøve å få andre til å stole på deg (etos). Dette kan du gjere med ulike språklege knep. Når desse knepa er vanskeleg å oppdage, kallar vi det skjult argumentasjon.
Her er nokre døme på skjult argumentasjon:
Plussord og minusord
Ord kan gi oss positive eller negative kjensler. Nokre ord er tydeleg positive eller negative, som "snill" (plussord) og "slem" (minusord). Viss du bruker mange plussord når du snakkar om noko, er det større sjanse for at dei som høyrer på deg, òg begynner å tenke positivt om det same.
Nokre ord, som til dømes "gammal" eller "billig", kan vere både positive og negative, avhengig av situasjonen. Andre ord er vanskelege å plassere som anten plussord eller minusord. Desse orda kallar vi nøytrale.
Tenk over og diskuter
Sjå nærare på orda gammal, ung, ny og billig.
I kva situasjonar er desse orda plussord?
I kva situasjonar er orda minusord?
Kva med orda bil, kjerre og glis? Slå dei gjerne opp i ei ordbok.

Sjå til dømes på biletet av huset over. Så les du dei to beskrivingane under:
Positiv beskriving: "Det sjarmerande huset på landet har behalde dei gamle, originale vindauga og murane, til glede for dykk som liker gammal stil."
Negativ beskriving: "Den gamle rønna i skogen har rotne vindauge og ein grunnmur som held på å falle saman."
I den øvste beskrivinga blir det brukt positivt ladde ord som "sjarmerande", "originale" og "til glede". I den nedste er det brukt negativt ladde ord som "rønna", "rotne" og "falle saman".
Retoriske spørsmål
Retoriske spørsmål er spørsmål der du eigentleg ikkje vil ha noko svar. Du meiner sjølv at det berre finst eit rett svar på spørsmålet. Vi bruker ofte retoriske spørsmål når vi meiner mottakaren har gjort eller meiner noko gale:
Kvifor skal eg rydde når det er du som rotar?
Vil du verkeleg ete mat som er sprøyta med gift?
Direkte tiltale
Viss du snakkar eller skriv direkte til mottakarane, får du meir personleg kontakt med dei. Det kan gjere det lettare å overtyde dei om at argumenta dine er gode:
Du som veit så mykje om mat og helse, bør velje bort frosenmat og heller kjøpe ferske matvarer.
Stemmer du Framstegspartiet, veit du at du får betre helsetenester og større tryggleik for deg og dine.
Oppmodingar
Du kan òg oppmode mottakaren direkte ved verbforma imperativ og liknande uttrykksmåtar. Då legg du press på mottakaren og prøver å få han eller henne til å gjere noko:
Gjer noko for miljøet, du også!
Slik må de ikkje halde fram!

Ironi
Ironi er når du seier det motsette av kva du meiner. Viss mottakaren forstår ironien, kan de få ei kjensle av at de har noko felles, at de speler på same lag. Men ironi er eit vanskeleg verkemiddel å bruke. Viss mottakarane dine ikkje forstår at du bruker ironi, kan dei bli fornærma og sinte.
Humor
Latter skaper kontakt. Viss du seier noko morosamt eller fortel ei god historie, kan du òg få mottakaren til å slappe av og vere mindre kritisk.
På same måte som med ironi kan humor vere vanskeleg. Du bør kjenne mottakarane så godt at du veit at dei vil synast det du seier, er morosamt. Viss ikkje kan dei oppfatte deg som frekk eller useriøs.
Relatert innhald
Leit etter skjult argumentasjon og bruk språket til å påverke andre.