Kva er eit godt argument?

Før du les
Desse fagomgrepa er brukte og forklarte i artikkelen:
- Argument
- Eit argument er eit bevis eller ei grunngiving for at det du seier er sant.
- Haldbart
- Her: Eit argument er haldbart når det er sterkt, solid.
- Sannsynleg
- Her: Sannsynleg betyr at noko antakeleg er sant.
- Relevant
- Noko er relevant viss det har noko å seie i ei sak.
- Påliteleg
- Noko er påliteleg viss du kan stole på det.
- Påstand
- Ein påstand er noko som er sagt som om det er sant, men som ikkje treng å vere sant.
- Generalisering
- Ei generalisering er ei forenkling av ei sak, til dømes at du bruker ei enkel hending til å forklare alle hendingar.
- Open argumentasjon
- Open argumentasjon er når du kan sjekke om argumenta er sanne og korrekte.
- Skjult argumentasjon
- Skjult argumentasjon er når du prøver å overtyde andre utan å seie akkurat det du meiner, men bruker ulike skjulte verkemiddel.
Kva vil det seie å argumentere?
Når du skal overtyde nokon om ei sak, må du bruke ulike argument for at dei skal bli einige med deg. Du seier noko du meiner er rett, ein påstand, og så bruker du argument for å bevise det.
Døme
Open eller skjult argumentasjon?
Dei fleste bruker mange ulike argument når dei skal overtyde andre. Av og til er det lurt å spele på kjenslene (patos), andre gonger på fornufta (logos), men ofte gjer vi begge delar. Vi tilpassar oss situasjonen.
Når vi skal studere argument, skil vi ofte mellom open argumentasjon og skjult argumentasjon.
Open argumentasjon er lurt i
formelle diskusjonar: Når du skal argumentere i ei skuleoppgåve, på jobben eller i formelle møte. Då bør du vere klar og tydeleg, altså bruke open argumentasjon.
Døme: "Eg meiner vi bør få gratis lunsj på skulen. Ikkje alle elevar har råd til å kjøpe lunsj, og det kan føre til at nokre elevar går svoltne gjennom skuledagen."
informerande samtalar: Når du ønsker å informere eller overtyde nokon med faktum, som i undervisning eller presentasjonar.
Døme: "Elevar som et ein sunn lunsj på skulen, klarer å følge betre med i timane og får betre karakterar."
overtaling med logikk: Når du vil at folk skal forstå meininga di basert på at du har gode bevis, og at det du seier, høyrest rett ut.
Døme: "Ifølge ein studie frå Helsedirektoratet i 2018 oppgir rundt 10 % av elevane i vidaregåande skule at dei verken har med matpakke eller kjøper mat på skulen."
Skjult argumentasjon passar best i
reklame og marknadsføring: Av og til blir skjulte argument brukte for å påverke mottakarane utan at dei så lett oppdagar det.
Døme: "Vi har laga saft i mange år." (Her speler dei på truverd, at vi kan stole på at dei kan dette med å lage saft. Denne appellforma kallar vi etos.)
personleg overtaling: Når du snakkar med venner eller familie og vil at dei sjølve skal bestemme seg for det du vil, utan at dei kjenner seg pressa.
Døme: "Du som er så flink til å lage mat, vil vel gjerne handle mat til helga?" (Direkte tale og litt skryt speler på kjenslene til mottakar. Appellforma her er patos.)
forhandlingar og vanskelege tema: Når du må vere forsiktig så du ikkje fornærmar eller sårar nokon.
Døme: "Det er jo ganske mange i Noreg som synest det er viktig at alle får kle seg som dei vil." (Å vise til at "mange synest" er eit argument som speler på kjensla av at det må vere rett når så mange meiner noko. Appellforma er patos.)
Du kan lese meir om ulike former for skjult argumentasjon i fagartikkelen "Språk som påverkar – skjult argumentasjon".
Diskuter med ein medelev
Kva argument blir de overtydde av?
Er det nokon måtar å argumentere på som de synest er feil? Grunngi svaret ved å bruke døme!
Kva er eit godt argument?
Eit godt argument er klart og logisk, og du kan vise til pålitelege bevis eller grunnar. Her er nokre kjenneteikn på eit godt argument:
Klarheit: Sei poenget ditt tydeleg og enkelt. Døme: "Vi bør drikke mjølk fordi det er sunt."
Logikk: Presenter ein fornuftig og logisk tanke. Døme: "Mjølk er sunt fordi det inneheld viktige næringsstoff."
Bevis: Støtt poenget ditt med faktum eller påliteleg informasjon. Døme: "Mjølk inneheld kalsium, som styrker beina."
Relevans: Sørg for at grunnane eller bevisa handlar om det som er poenget ditt. Døme: "Barn treng kalsium for å utvikle sterke bein når dei veks, så å drikke mjølk hjelper med det."
Dette gjer argumentet ditt klart og logisk. I tillegg har du gode grunngivingar. Derfor er det eit godt argument for å drikke mjølk.

Korleis oppdage eit dårleg argument?
Sjølv om den du diskuterer med, ser ut til å ha klare og logiske argument, skal du ikkje gi deg med ein gong. Kanskje er ikkje argumenta så gode som dei ser ut til? Dette er dei to viktigaste tinga å sjå ekstra nøye på:
Spør etter bevis
Ofte blir det vist til forsking og tal utan at det blir lagt fram bevis. Viss du ser på argumenta over, om kvifor det er lurt å drikke mjølk, kan du sjekke om det finst forsking som seier noko anna. Spør etter bevis: Finst det forsking som støttar det du seier her? Er det faktisk sånn at kroppen vår klarer å bruke kalsium frå mjølk til å utvikle sterke bein?
Sjekk relevans
Eit argument kan vere klart og verke logisk i seg sjølv, men likevel ikkje vere eit godt argument. Viss det som blir sagt, eigentleg ikkje har noko med saka å gjere, altså at det manglar relevans, er det ikkje eit godt argument. Viss argumentet er "Du bør drikke mjølk fordi kyr er fine dyr", bør du spørje etter relevans: Korleis heng dette saman med påstanden din?
Relatert innhald
Øv på å oppdage dårlege argument og på å diskutere vanskelege tema.