Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Oppdag skjult argumentasjon

Klarer du å oppdage at nokon prøver å påverke kjenslene dine med måten dei snakkar eller skriv på? No skal du få vere detektiv (og kanskje òg ein som klarer å påverke medelevar).

Ein detektiv er ein som leiter etter skjulte spor og avslører dei. I desse oppgåvene skal du leite etter skjulte argument i tekst. Du skal òg få prøve å bruke dei same for å påverke andre.

Før du startar på oppgåvene, bør du har lese fagartikkelen "Språk som påverkar – skjult argumentasjon".

Oppgåve 1. Finn plussorda

Sjå nærare på ein reklametekst frå Nyt Norge. Det er ein organisasjon som jobbar for at folk skal kjøpe frukt og grønsaker som er produserte i Noreg.

  1. Sjå på reklameteksten under og diskuter med ein medelev. Kva ord er positivt ladde, meiner de? Slå gjerne opp i ei ordbok viss du er usikker på kva orda betyr.

  2. Kva ord diskuterte de mest? Sjekk med andre elevar. Var dei usikre på om nokre ord var plussord, nøytrale ord eller minusord?

  3. Kva sa de om frasen "kaldt klima"? Er han positiv, nøytral eller negativt ladd? Kan de tenke på ein situasjon der frasen får ein annan ladning?

  4. Kva skjer om du byter ut plussorda i teksten med negativt ladde ord? Lag din eigen versjon, og les han høgt for ein medelev. Får de lyst på norsk frukt og grønt då?

Reklameteksten:

Sprø, fargerike, sødmefulle, knasende, næringsrike, søte, saftige, norsk frukt og bær er virkelig noe for seg selv. At de er sunne, det vet vi jo. Men i tillegg kommer det faktum at vi har kaldt klima og lange lyse netter som gjør noe med smaken. Rett og slett.

(Nyt Noreg, 2024) 01.10.24

Litt hjelp til oppgåve 1D

Ord som er plussord om frukt og grønsaker i denne teksten:

Sprø
At produkta er sprøe, viser at dei er ferske. Døme: Ein fersk salat er sprø og knasar når du et han.
Fargerike
Når produkta er rike på farge, tyder det på at dei er ferske. Døme: Eit ferskt eple er raudt og grønt, mens eit gammalt eple blir brunt.
Sødmefulle
Produkta er fulle av "sødme", dei er søtefylte, og søtt synest dei fleste er godt.
Knasande
Knasande er eit ord som betyr nesten det same som sprø i denne samanhengen. Det viser til at produkta er ferske, ikkje slappe og gamle.
Næringsrike
Når produkta er rike på næring, betyr det at det er bra for deg å ete dei. Dei gir kroppen det du treng, som til dømes vitamin.
Søte
Når produkta er naturleg søte, som i frukt, synest folk at det smaker godt.
Saftige
Når frukt og grønsaker er saftige, betyr det gjerne at dei er ferske og har mykje smak.
Sunne
Alt som er sunt er bra.
Kaldt klima
Kaldt blir gjerne rekna som eit minusord, men i denne samanhengen blir det brukt for å vise at produkta har brukt lang tid på å vekse fordi det er kaldt, og det gir ofte betre smak.
Lyse netter
Vi oppfattar gjerne noko lyst som noko positivt. Her viser det at produkta har fått mykje lys når dei veks, og det er bra for kvaliteten.

Oppgåve 2. Lag ein reklametekst

I denne oppgåva skal du bruke positivt ladde ord for å få medelevane dine til å ønske seg den gjenstanden du beskriv, til å gjere noko eller til å bli einige med deg i ei sak.

  1. Bestem deg for kva du vil snakke positivt om:

    • Det kan til dømes vere noko du driv med på fritida, og som du ønsker at andre skal begynne med.

    • Det kan vere noko du er veldig oppteken av, ei politisk sak.

    • Du kan òg beskrive ein gjenstand du vil selje. Anten ein ting du faktisk eig, eller du kan bruke bileta under som inspirasjon.

  2. Tips! Start med å skrive ned ord som beskriv gjenstanden. Sjekk så i ordboka om det finst som er endå meir positivt ladde enn dei orda du kom på sjølv.

  3. Framfør "" din for medelevar. Klarer du å selje dei gjenstanden eller meininga di? Be dei om å gi deg tilbakemelding på kva dei syntest var bra, og kva som kan bli betre.

Oppgåve 3. Lag eigne døme

Er du for eller imot lekser på skulen? Bruk det du har lært om skjult argumentasjon, for å lage dine eigne argument. Korleis kan du få ein medelev til å meine det same som deg utan å seie det direkte?

Lag dine eigne versjonar av døma under:

  1. Lag eit retorisk spørsmål. Døme: "Korleis kan du lære noko viss du ikkje følger med?"

  2. Bruk direkte tale. Døme: "Du som elskar samfunnskunnskap, må bli med på debatten i kveld!"

  3. Skriv ei oppmoding. Døme: "Kom og bli med på debatten i helga!"

  4. Bruk ironi. Døme: "Ja, det var jo kjempelurt å gløyme leksene heime i dag ..."

Diskuter med medelev:

  • Kva for nokre av desse verkemidla liker du sjølv best å bruke i ein diskusjon?

  • Kva verkemiddel blir du sjølv mest påverka av?

Oppgåve 4. Leit etter påverknaden

Første skuledag hausten 2024 heldt statsminister Jonas Gahr Støre ein tale til 6-åringane som skulle begynne i første klasse på Brynseng skule. Les talen til statsministeren på Regjeringa.no.

I dette utdraget snakkar Støre til elevane. Diskuter i par:

  1. Kva er det Støre vil oppnå med denne talen?

  2. Skriv opp alle ord og som de meiner er positivt ladde i teksten. Kvifor bruker Støre akkurat desse formuleringane, trur de?

  3. Kva andre grep bruker Støre for å påverke dei han snakkar til?

  4. Støre snakkar direkte til elevane, ikkje til foreldra. Kvifor det, trur de?

  5. Synest de teksten bruker nok plussord? Kva skjer om de skriv inn fleire? Samarbeid med ein medelev om å skrive om første avsnitt med endå fleire plussord. Les opp avsnitta for andre elevar. Vart teksten betre eller dårlegare med mange plussord?

Noen av dere liker Ninjago-lego best, andre Gabbys dukkehus. Noen har storesøsken på Brynseng, og vet litt om hva de har i vente, andre – de er mer spente. Noen av dere bor i leilighet med mamma og pappa, andre i hus eller rekkehus – og noen er først med mamma og så med pappa, og sånn fortsetter det. Noen har venner med hit fra barnehagen, andre har mistet tenner.

Men alle – uansett hvor du kommer fra, uansett om du er gutt eller jente, har lys eller mørk hud, har kort eller langt hår. – Uansett farge på skolesekken, uansett hvor du kommer fra, og uansett hvor du skal i livet, så har dere som er her i dag, det viktigste til felles:

Dere liker å leke. Dere har lyst til å lære. Og dere har foreldre, og besteforeldre, som er fryktelig stolte av dere.

(Støre, 2024)

Les gjerne heile talen og leit etter fleire døme på språk som påverkar.

Kjelder

Nyt Norge. (u.å.) Frukt og grønt. Henta 1. oktober 2024 frå /https://www.nytnorge.no/tema/norske-ravarer/frukt-og-gront/

Støre J. G. (2024, 19. august) Statsministerens tale på første skoledag. Regjeringen.no. /https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/statsministerens-tale-pa-forste-skoledag-ved-brynseng-skole/id3050300/

Relatert innhald

Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 27.09.2024