Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Jobb med debattinnlegg

I denne oppgåva skal du lese eit debattinnlegg og skrive og snakke om teksten etterpå.

Tekst om høflegheit

I oppgåvene under skal de på litt ulike måtar jobbe med debattinnlegget "Når ble "jeg vil ha" det nye "hei"?" frå Aftenposten.

I debattinnlegget kan det vere fleire ord som er nye for dykk. Les derfor gjennom ordlista med forklaringar før de les sjølve innlegget:

Ordforklaringar til debattinnlegget

ordre
ei bestilling eller beskjed om å gjere noko
folkeskikk
korleis ein oppfører seg fint og høfleg mot andre menneske
disken
eit bord eller ein benk på ein kafé eller butikk der kunden kjøper noko
skolebolle
ein bolle (gjærbakst) med gul vaniljekrem i midten.
motbydelig
(nynorsk: motbydeleg) noko veldig ekkelt eller ubehageleg
robot
ei maskin som gjer arbeidsoppgåver
overkjørt
(nynorsk: overkøyrd) her brukt som idiom: når nokon ikkje lyttar eller tek omsyn til deg
kundeservice:
hjelp kundar får viss dei har spørsmål eller lurer på noko
flaut
(nynorsk: flautt) pinleg eller ubehageleg

Oppgåve 1. Les og snakk om eit debattinnlegg

Til læraren

Del 3 og del 4 kan gjerne summerast opp i fellesskap. Då kan de bruke tid på å trene uttale av ord frå del 3 som elevane synest er vanskelege.

Del 1: Førlesingsoppgåve

Jobb saman to og to.

  1. Sjå på biletet over. Beskriv .

  2. Korleis meiner de at dei som jobbar med kundar på kafé skal oppføre seg mot kundane sine?

  3. Gi døme på korleis du som kunde kan vere vennleg og høfleg når du bestiller mat på ein kafé.

  4. Kva tenker de er uhøfleg åtferd mot ein kafétilsett?

Del 2: Les aleine

Les debattinnlegget "Når ble "jeg vil ha" det nye "hei"?" frå Aftenposten for deg sjølv. Les ordforklaringane over her godt, og at du forstår desse orda, før du les debattinnlegget.

Del 3: Les debattinnlegget høgt

Jobb saman to og to. Les det same debattinnlegget frå Aftenposten høgt for kvarandre.

Byt på kven som les undervegs i teksten. Hjelp kvarandre med uttale av orda, og spør læraren viss de er usikre.

Del 4: Snakk saman om innhaldet

Jobb saman to og to eller i ei lita gruppe. Svar på oppgåvene under.

  1. Kven er av debattinnlegget?

  2. Kven er ?

  3. Kva er til forfattaren?

  4. Kva bruker forfattaren for å få fram synspunktet sitt?

  5. Forklar korleis avsendaren av debattinnlegget prøver å påverke kjenslene våre (patosappell).

  6. Forklar korleis avsendaren prøver å få oss til å tru at ho kan mykje om temaet (etosappell).

Del 5: Skriv eit eige lesarinnlegg

Les først artikkelen "Kva er eit lesarinnlegg?".

Skriv eit lesarinnlegg på cirka 250 ord som svar på lesarinnlegget om høflegheit. Du bestemmer sjølv om du er einig i det forfattaren skriv, eller om du vil få fram at du er ueinig.

Hugs at du skal prøve å overtyde lesaren om at du har rett. Du kan bruke ulike verkemiddel når du argumenterer. Du kan vise til faktum, prøve å påverke kjenslene til lesaren, du kan argumentere for at du veit mykje om temaet, og at lesaren derfor bør vere einig med deg.

Sjå animasjonen under for å lære meir om korleis du kan bruke dei tre appellformene , og for å overtyde andre (lengde 06:55).

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Oppgåve 2. Skriv ein reflekterande tekst

Les debattinnlegget "Når ble "jeg vil ha" det nye "hei"?" i Aftenposten.

Skriv deretter ein tekst på cirka 400 ord der du over det å vere høfleg og vennleg som kunde og tilsett. Ha med døme frå debattinnlegget. Vel ei passande overskrift.

Setningsstartarar

Desse kan hjelpe deg med å begynne å skrive:

  • Eg meiner det er fleire grunnar til at vi som tilsette bør vere høflege og vennlege. For det første ...

  • For det andre ...

  • Som tilsett i ei bedrift kan du vere høfleg ved å ...

  • Men kundane bør òg vere vennlege. Som Martha Vatnar Nilsen skriv i debattinnlegget sitt, så ...

  • Som kunde kan du vere høfleg ved å ...

  • Nilsen skriv òg at ...

  • Eg synest at ...

  • Eg lurer på om vi kan bli flinkare til å ...

  • Eg sit igjen med ein tanke om at ...

  • Til slutt er det verd å spørje seg om ...

Skrive av Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 03.06.2025