Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Analyser ein reklame frå Norvegia

Er det mogleg å bruke mange ulike verkemiddel i ein seks sekund lang reklamefilm? Kanskje finn du svaret gjennom å jobbe med ein kort reklamefilm frå Norvegia.

Reklamefilm frå Norvegia

Sjå reklamefilmen frå Norvegia (lengde 0:06).

Video: Tine / CC BY-NC-SA 4.0

Del 1: Førlesing

Finn ut kva det grøne symbolet med kvitt på ostepakken symboliserer. Du kan lese om symbolet i artikkelen "Nøkkelhullet" frå Helsenoreg.

Del 2: Analyser reklamefilmen

Diskuter oppgåvene under to og to. Samanfatt i felleskap i klassen til slutt.

  1. Kven er avsendar av reklamen?

  2. Kven er målgruppa for reklamen?

  3. Kva blir det reklamert for?

  4. Kor mange gonger blir ordet "lett" gjenteke i reklamen? Vis til døme. Kva slags verknad har denne gjentakinga?

  5. Kva har det at osteskiva flyg? Korleis passar denne effekten med bodskapen om å prøve ein lett av osten?

  6. Beskriv korleis reklamen bruker fargar som verkemiddel. Bruk fagord som og .

  7. Kva appellform bruker Tine når dei har nøkkelholsymbolet på pakningen?

  8. Gir reklamen dykk lyst til å kjøpe osten? Grunngi svaret! Viss de svarer nei, kom med forslag til kva som kan gjere reklamen meir .

Del 3: Lag ein eigen reklame

Jobb saman i små grupper.

Lag ein eigen kort reklamefilm for det same produktet, men med andre verkemiddel, alt etter kva som passar for målgruppa de vel. Tilpass både språk, musikk og innhald. Forslag til målgruppe:

  • ungdom

  • personar med ein annan kulturell bakgrunn enn norsk

  • aktive

Del 4: Vis reklamen for kvarandre

Vis reklamane for kvarandre i felles klasse eller for ei anna gruppe i klassen. Fortel og forklar meir rundt spørsmåla under:

  • Kva for verkemiddel bruker de, og kvifor valde de desse verkemidla?

  • Kva har de gjort for å nå målgruppa?

Relatert innhald

Korleis lage ein reklame?

Lær om korleis reklame prøver å påverke deg til å bli interessert i noko, og kanskje kjøpe eit bestemt produkt.


Skrive av Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 07.05.2025