Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Språkfunksjonar og retorikk

Språket er eit verktøy vi bruker for å uttrykke kjensler, for å formidle informasjon og for å påverke den vi vender oss til.

Vi vil noko med det vi seier

Vi vil alltid oppnå noko med det vi seier eller skriv: Den som presenterer vermeldinga på tv, vil informere sjåarane. Den som skal halde ein bryllaupstale, vil gi uttrykk for kjenslene sine, og den som lagar ein reklamekampanje, vil påverke forbrukarane. Same kva vi vil formidle, bruker vi eitt og same verktøy, nemleg språket vårt.

Vi seier at språket har

  • ein informativ funksjon, fordi det seier noko om verkelegheita
  • ein ekspressiv funksjon, fordi det fortel noko om haldningane og kjenslene våre
  • ein appellativ funksjon, fordi det påverkar den vi snakkar med eller skriv til

Språkfunksjonar og retorikk

Når vi bruker ekspressive, appellative og informative språkfunksjonar for å få fram ein bodskap, kan vi sjå på korleis språkfunksjon og appellformer heng saman.

Språkfunksjon og appellform er ikkje det same. Språkfunksjonen beskriv kva språket gjer, mens appellforma beskriv korleis sendar prøver å overtyde. Vi bruker nemleg språket strategisk for å påverke mottakaren vår. Men strategiane er ulike, avhengig av kva mål vi har.

Døme

Ho brukte ein appellativ språkfunksjon då ho sa: "Stem på oss ved valet! Om ikkje er framtida di trua!"

Målet var å påverke mottakaren til å handle. For å få fram bodskapen brukte ho samtidig appellforma patos, ved å spele på håp og frykt for framtida.

Informativ språkfunksjon og logos

Dersom nokon vel ein informativ språkfunksjon, vil denne ofte appellere til logos. Når språket er informativt, bruker avsendaren ofte døme som skal overtyde om at avsendaren har fornuftige argument:

  1. Nei, vi kan ikkje gå ut og leike no. Det regnar nemleg.
  2. Fordi kroppspresset stadig aukar i samfunnet, bør unge menneske ikkje følge bloggarar som skriv om trening og kosthald.
  3. Du bør kjøpe denne mobilen, fordi han har ein garanti på fem år.

Det alle døma over har til felles, er at avsendaren ønsker å overtyde ein mottakar om ei sak. Og for å overtyde blir det brukt informativt språk som skal styrke logos i utsegna.

Målet kan sjølvsagt òg vere å informere om ei sak, slik det blir gjort i til dømes nyheitssendingar.

Informativ språkfunksjon og etos

Avsendar kan òg informere om fakta for å auke eige etos. Typisk vil hen då fortelje om eigne erfaringar eller eiga utdanning:

  1. Som medieekspert med fleire års studiar på koplinga bloggar og påverknad, vil eg sterkt åtvare ungdom mot å lese bloggar som handlar om kropp, mat og trening.
  2. Eg har brukt denne mobilen i fleire år og har berre gode erfaringar med han.

Appellativ språkfunksjon og patos

Eit appellativt språk er eit språk som vil påverke mottakaren til å gjere noko, meine noko eller kjenne noko. Om avsendaren bruker appellativt språk, er det vanlegaste at det skal påverke kjenslene til mottakaren. Då bruker hen altså patos for å overtyde:

  1. Ver så snill å la oss vere inne når det er så dårleg ver ute!
  2. Du må ikkje følge bloggarar som skriv om trening og kosthald om du vil unngå kroppshysteriet!
  3. Kjøp mobilen og opplev dei gode eigenskapane han har!

Ekspressiv språkfunksjon og patos

Det å fortelje om eigne kjensler og haldningar til eit emne kan påverke kjenslene til mottakaren. Avsendaren prøver då å overtyde ved å bruke patos:

  1. Eg er så sliten i dag, så eg synest vi skal halde oss inne.
  2. Eg følgde ein blogg i to år, men blei så oppteken av mat og så hysterisk på vekta, at eg måtte slutte. Derfor meiner eg at det ikkje er ein god idé å følge slike bloggar.
  3. Eg elskar denne fantastiske mobilen eg held i handa her!

Ekspressiv språkfunksjon og etos

Den ekspressive språkfunksjonen blir òg ofte brukt for å auke eige etos. Å overtyde med etosargument handlar nemleg om å stå fram som eit menneske med gode verdiar og ideal:

  1. Eg har stor medkjensle med dei skatteytarane som må betale mykje meir i skatt, om de kjem til makta.
  2. Eg må seie eg er ganske sint på vegner av alle dei kvinnene som gjer sjukepleiarjobben utan å få ordentleg betalt for han.

I det første dømet prøver avsendaren å overtyde ved å vise til kjenslene sine. Målet er å stå fram som ein person som er omtenksam og forståingsfull. I det andre dømet viser avsendaren ansvar og forståing ved å fortelje at behandlinga av sjukepleiarane er opprørande.

Sjekk deg sjølv

Forstod du det du har lese? Sjekk deg sjølv ved å plassere rett språkfunksjon og appellform til ytringane under.

Skrive av Marion Federl og Åsa Abusland.
Sist oppdatert 08.04.2026