Oppgave
Overtyd med etos

Bilete: analogicus / Avgrensa bruksrett
Sel pennen din
Jobb saman i grupper på to til fire elevar.
- Prøv å overtyde nokon om å kjøpe pennen din berre ved å bruke argument som viser kunnskap.
- Prøv å overtyde nokon om å kjøpe pennen din berre ved å bruke argument som viser velvilje.
- Prøv å overtyde nokon om å kjøpe pennen din berre ved å bruke argument som viser god moral.
- Prøv å overtyde nokon om å kjøpe pennen din berre ved å bruke argument som viser autentisitet.
Relatert innhald
Fagstoff
EtosNår du skal skrive ein tale eller eit debattinnlegg, er det viktig at publikum har tiltru til at det du seier, er sannsynleg eller sant.