Hopp til innhald
Bokmål
Forklaringsartikkel

Sponkrok

Ein sponkrok blir brukt til å handtere spon som rullar av materialet, for sponen kan vere både varm og skarp. Under drift kan spon også henge saman. Då kan ho hekte seg fast i rotasjonen og utgjere ein fare. Ved dreiebenken bør ein derfor oppbevare og bruke ein sponkrok.

Ein sponkrok må ikkje ha hol eller hekter på operatørsida. Dersom spon hektar seg i rotasjonen, vil krafta dra med seg berre sponkroken, noko som hindrar at operatøren blir skadd.

Skrive av Bjørn Dølving.
Sist fagleg oppdatert 09/05/2022