Forklaringsartikkel
Arduino Uno
Arduino Uno er ein mikrokontrollar som kan utføre mange spennande oppgåver. Han kan berre ta imot og bruke små spenningar og passar derfor perfekt til programmering for begynnarar.
Arduino Uno er laga med open kjeldekode og gir svært mange moglegheiter. Han kan til dømes brukast i eit automatisk vatningssystem til å overvake temperatur og fukt, eller til smarthus-styring av lys og varme.