Forklaringsartikkel
Grafitt

Grafittbit og blyant. Bilete: Auckland Museum Collections from Auckland, Aotearoa New Zealand, Wikimedia commons / CC BY 4.0
Grafitt (engelsk: graphite) har atomsymbol C og atomnummer 6. Grafitt, kol og diamant er alle former av karbon (C) som finst i naturen. Det er derfor ikkje heilt riktig å seie at det er grafitt som har atomnummer 6 – det er karbon – men det viser til den fantastiske evna til karbonet. Det kan gå frå å vere det mjukaste og blautaste til å bli det glattaste og hardaste materialet i verda. Kor kult er ikkje det?
Visste du at karbon, gjennom grafitt, kan vi både skrive med og bruke i elbilbatteri, og at det kan tole opp til 5 000 grader celsius? Visste du òg at karbon saman med hydrogen er olje (hydrokarbon), eller at kroppen vår består av cirka 17 prosent karbon?