Hopp til innhald
Bokmål
Forklaringsartikkel

Warping

Warping kallar vi det når ein del som er under bygging på ein 3D-skrivar, bøyer seg og lausnar frå byggeplata.

Det kan vere fleire grunnar til at dette skjer. Hovudgrunnen er at materialet krympar når det blir kjølt ned. Nokre materiale warpar også meir enn andre, til dømes ABS-plast.

For å unngå warping kan vi bruke varme i byggeplata slik at materialet ikkje blir kjølt ned like fort som på ei kald byggeplate. Eit anna tiltak er å bruke eit festemiddel på plata der vi skal skrive ut, til dømes spraylim.

Skrive av Brigt Roar Skeie.
Sist fagleg oppdatert 11/17/2022