Forklaringsartikkel
Loddebriller

Loddebriller. Bilete: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0
Loddebriller blir òg kalla sveisebriller, og dei blir nytta ved lodding, sveising eller skjering med gass.
Loddebriller skal vere CE-merkte. Det vil seie at produsenten garanterer at dei følger relevante tryggingsdirektiv, til dømes standarden EN 166 for augevern.
Loddebriller har òg fargekode på glasa frå 8 (mykje lys gjennom) til 13 (veldig lite lys gjennom).
Desse brillene gir ikkje auga vern ved lysbogesveising.