Gjengetapp

Ein gjengetapp er eit verktøy som vi bruker til å lage innvendige gjenge i eit materiale. Det finst flere typar gjengetappar.
Starttappen er veldig konisk. Han skjer eit lite stykke av gjenget på første skjer, litt meir på andre skjer osv. Den koniske forma gjer at det berre er skore ein liten del av gjenget nedst i holet.
Mellomtappen er litt mindre konisk og skjer ein større del av gjenget litt lenger ned enn starttappen.
Bunntappen er ikkje konisk. Han skjer heilt ned til botnen der de koniske tappane har gjort eit forarbeid. Denne typen gjengetapp bruker vi når vi skal lage hol med botn.
Fotografiet over viser ein bunntapp. Han har fire skjerande seksjonar med trekantforma skjer. Mellom kvar skjerande seksjon er det holrom for å gjere rom for spon frå skjeringa. Diameteren på verktøyet og avstanden mellom kvart skjer avgjer gjengedimensjonen.