Hopp til innhald
Bokmål
Forklaringsartikkel

Silisium

Silisium (Si) har atomnummer 14. Dette er eit av dei viktigaste grunnstoffa våre, som det òg finst svært mykje av i jordskorpa.

Silisium har svært viktige eigenskapar knytt til straum. Det ser ut som metall, men grunnstoffet er ikkje eit metall. Nettopp denne eigenskapen gjer silisium så unikt: Det er eit halvmetall. Dette hørest kanskje rart ut, men dette grunnstoffet kan både leie og ikkje leie straum! Du ser no på ein av dei viktigaste ressursane våre innan moderne teknologi, halvleiarar.

Silisium blir brukt i stor grad til legering av aluminium, og vidare i mykje elektronikk og i solceller. Silisiumet kan nemleg lage ein elektrisk straum.

Silisium blir omtalt som ei gåve frå naturen, og vi høyrer gjerne snakk om ordet kvarts. Kvarts består nemleg av silisium og oksygen (SiO2). For å få reint silisium krevst det mykje kraft.

Skrive av Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 11/04/2021