Hopp til innhald
Bokmål
Forklaringsartikkel

G-kommando

G-kommandoen blir nytta ved ISO-programmering av ei CNC-styrt maskin.

Kommandoen blir til dømes brukt til å fortelje maskina kor raskt ho skal bevege seg, om ho skal bevege seg etter ei rett linje eller ein boge, kva side av verktøyet ho skal bruke når ho bereknar verktøybanen, og om du programmerer med absolutt eller inkrementelt programmeringsspråk.

Døme: Kva fart som blir definert, blir bestemd av ein g-kommando, der G97 fortel maskina at ho skal nytte spindelfart, og G96 angir overflatefart.

G97 S1000 fortel maskina at s-kommandoen angir spindelfart, og at spindelfarten skal vere 1000 omdreiingar per minutt.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 01/02/2023