Hopp til innhald

Fagstoff

Ironi

Har du nokon gong sagt det motsette av det du meiner? Då har du kanskje vore ironisk. Ironi er mykje brukt både i daglegspråket og i litteratur og film. Men korleis kan vi betre forstå om noko er meint ironisk eller ikkje?
Rotete rom med klede hulter til bulter på ein sofa. Foto.

Før du les

Desse orda blir brukte og forklarte i teksten:

Ironi
Ironi er å seie eller skrive ein ting og meine det motsette.
Språkleg verkemiddel
Språklige verkemiddel er ulike måtar ein forfattar bruker språket på for å påverke eller skape ei bestemd kjensle hos lesaren. Ironi er eit språkleg verkemiddel.

Kva er ironi?

Ordet ironi kjem frå gresk og betyr "å seie ein ting og meine det motsette". Det er ganske vanleg å bruke ironi i . Setninga "Ja, no har du god tid til bussen går" kan vere meint ironisk viss den som skal ta bussen, ofte er altfor seint ute. Då betyr setninga eigentleg at du ikkje rekk bussen i dag heller. Det er likevel ikkje alltid at ironi er det motsette av det vi eigentleg meiner. Av og til er ironi meir ei form for eller .

Mange personar som står i kø inn til eit vallokale. Foto.

Døme på ironiske setningar kan vere:

  • I dag var det godt og varmt ute! (ironisk viss det blir sagt på ein dag det er veldig kaldt)

  • Vi har lært så mykje av den nye vikaren. Han kjem aldri for seint! (ironisk viss den nye vikaren kjem for seint dag etter dag)

  • Eg gler meg skikkeleg til å jobbe tre netter på rad. (ironisk viss personen eigentleg synest det er litt mykje med tre nattevakter etter kvarandre)

  • Ja, her var det jo mykje folk! (ironisk viss det er ein stad der det nesten er tomt for folk)

  • Dette var jammen ei fin strand. Ikkje søppel her i det heile, jo. (ironisk viss personen ser utover ei strand med mykje søppel)

Tenk over

Studer døma over nøye. På kva måte er situasjonen viktig for å forstå at det er ironi?

I den korte humorvideoen under er det ein kval som sit i kassa og tek imot betaling, mens det er eit menneske som handlar varer. Sjefen på butikken er ein sel.

Tenk over

Kvifor trur du dei som har laga videoen, bruker ironi for å fram sin?

Smilande jente i raud og kvitstripa genser framfor blå vegg. Foto.

Kvifor bruke ironi?

Ironi skaper ein felleskap blant dei som skjønner ironien. Ironi er òg ein måte å skape morosame situasjonar på. Det kan vere ein av grunnane til at bruk av ironi er så populært.

Ironi kan òg brukast for å treffe ekstra hardt med noko vi ønsker å få fram, eller for å stenge ute bevisst. Det er derfor viktig å tenke over korleis vi bruker ironi, både i skriftleg samanheng og når vi snakkar saman med andre.

Ironi kan vere vanskeleg å oppfatte

Det er ikkje alltid så lett å skjønne når nokon er ironiske. Det kan vere situasjonen og små i måten noko blir sagt på som gir deg signal om at noko er ironisk meint. Det er derfor mykje vanskelegare å oppdage ironi på eit språk du ikkje kan så godt. Det er ekstra viktig å vere merksam på det språklege verkemiddelet ironi når du lærer deg eit nytt språk.

Tenk over

Har du opplevd å misforstå ironi, eller at nokon har misforstått ironien din?

Ironi på jobb

I somme jobbsituasjonar kan det fungere godt å bruke ironi. Det kan gi god stemning viss alle ler av det same og kjenner seg inkluderte. Men det er òg ganske lett at det du seier, blir misforstått. Viss ein kunde eller ikkje forstår at du er ironisk, kan dei føle at du av dei. I jobbsamanheng må du derfor vere ekstra merksam på at faktisk forstår bruken av ironi. Viss ikkje kan det oppstå uheldige situasjonar.

Tenk over

I kva jobbsituasjonar kan det vere uheldig å bruke ironi?

Ironi i litteratur

Du kan finne ironi i mange ulike litterære tekstar. Som du har lese tidlegare, er det eit språkleg verkemiddel som skal gjere noko morosamt. Andre gonger gjer ironien at vi blir litt overraska eller provoserte. Ironi er spesielt mykje brukt i sjangeren .

Viss du les ein tekst som du trur bruker ironi, så bør du bruke litt ekstra tid på han. Du kan stille deg spørsmåla:

  • Er det brukt ironi i denne teksten?

  • Kva er det i teksten som gjer at du trur noko er ironisk meint?

  • Kva er i så fall ironisk i teksten?

  • Kvifor har forfattaren brukt ironi, trur du?

Då er du i gang med å tolke teksten og med å forstå kva ironi har i teksten.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marion Federl, Cecilie Isaksen Eftedal og Elisabeth Lønning.
Sist fagleg oppdatert 16.01.2024

Læringsressursar

Språklege verkemiddel