Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Undersøk kontrastar i bilete og film

Oppgåve 1. Beskriv biletet

Person sit ved bål i vinterlandskap. Hen held ein trepinne med mat på over bålet. Eit par ski og stavar står oppstilt i snøen. Foto.
  1. Beskriv kontrasten i dette biletet.

  2. Gi biletet ein tittel som får fram kontrasten med ord.

Oppgåve 2. Beskriv biletet

Ei tom brusflaske i plastikk ligg på skrå i grønt gras ved sida av kvite blomar. Foto.
  1. Beskriv kontrasten i dette biletet.

  2. Gi biletet ein tittel som får fram kontrasten med ord.

Oppgåve 3. Beskriv biletet

Tresnitt som viser to kvinner på stranda. Den eine kvinna er heilt svartkledd, den andre er kledd i kvitt. Foto.
  1. Beskriv kontrasten i biletet.

  2. Kva oppnår kunstnaren med denne kontrasten?

  3. Tittelen på biletet er To kvinner på stranda. Kva tankar får du av tittelen?

    • Kva andre titlar kunne passa til biletet? Grunngi svaret ditt.

Oppgåve 4. Finn kontrastar i Skylappjenta

  1. Beskriv kontrasten i stemninga kvar gong taxisjåføren dukkar opp i kortfilmen. Tenk både på kontrast i fargeval, kroppsspråket til taxisjåføren og musikken som blir brukt.

  2. Kva kontrastar blir brukte for å få fram forskjellane mellom Skylappjenta og Espen Askeladd?

  3. Skylappjenta i møte med taxisjåføren og bestemora. Ho blir større igjen når Espen Askeladd gir henne eit hjarte. Kva kan det bety at jenta skiftar mellom å vere liten og stor? Kva er det denne kontrastbruken i storleiken til Skylappjenta vil få fram? Grunngi svaret ditt.

  4. Mot slutten av filmen får vi endå ein kontrast når Espen Askeladd går frå Skylappjenta. Veret forandrar seg. Kva får det tydelege skiljet mellom vinter og sommar fram i kortfilmen? Grunngi svaret ditt.

Relatert innhald

Kortfilmen Skylappjenta, ein moderne versjon av «Rødhette og ulven», er ein animasjonsfilm med ekte skodespelarar.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Lønning, Marion Federl og Cecilie Isaksen Eftedal.
Sist fagleg oppdatert 21.11.2023

Læringsressursar

Språklege verkemiddel