Hopp til innhald

Fagstoff

Idiom

Veit du kva uttrykket "å legge seg flat" betyr? Eller at noko "går i vasken"? Dette er uttrykk som betyr noko anna enn det som står. Å misforstå slike uttrykk kan skape humoristiske situasjonar eller frustrasjon. Slike uttrykk, kalla idiom, er viktige å lære for best mogleg kommunikasjon.
To svarte silhuettar av hovud som står ansikt til ansikt. Mellom munnane til dei to personane er det tre  raude spørsmålsteikn. I hjernen til den eine personen er det teikna inn klussing med gul penn, mens det hos den andre personen er teikna inn ein gul krusedull. Det går ei gul kopling frå den eine hjernen til den andre, men denne er kutta over med ei raud saks. Kommunikasjonen er broten. Illustrasjon.

Før du les

Sjå nærmare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Idiom
Idiom er faste uttrykk som ofte er knytte til ein kultur.
Metafor
Metafor er eit ord eller eit uttrykk som blir brukt i overført betydning. Det betyr noko anna enn det bokstavelege. Du må tolke det for å forstå innhaldet rett.
Kultur
Kultur er idéar, verdiar og tradisjonar som er typiske for ei gruppe menneske.

Kva er eit idiom?

Idiom er faste uttrykk som ofte er knytte til ein kultur. Idiom blir òg kalla metaforiske uttrykk, altså uttrykk der det språklege biletet må tolkast for å forstå innhaldet rett. Idioma er vanskelege å omsetje ord for ord.

Ein person i badebukse som har stukke hovudet ned i sanden. Resten av kroppen er synleg. Illustrasjon.

Betre kommunikasjon

Du kommuniserer betre på norsk når du lærer deg idiom som er mykje i bruk. Det kan òg hjelpe deg til å unngå språklege misforståingar. Viss nokon seier dei "legg seg flate", skal du ikkje vente på at dei legg seg ned på bakken. Det er nemleg eit idiom som i betyr at du angrar på noko eller beklagar. At noko går i vasken, har heller ikkje noko med det som skjer på badet å gjere. Det er ein måte å seie at noko går gale på.

Bok om norske idiom

Ali Mohammad har skrive boka Griseflax som forklarer mykje brukte norske idiom på norsk og somalisk. I videoen under fortel Mohammad om kvifor det er viktig å lære seg idiom når ein lærer seg eit nytt språk.

Video frå programmet Lindmo på NRK: Ali Muhammad fortel om norske idiom

Legg merke til:

Mohammad bruker ganske mange idiom når han snakkar. Kva idiom bruker han? Skriv ned idioma og finn ut kva dei betyr.

Når bruker vi idiom?

Idiom blir brukte både munnleg og skriftleg. Slike uttrykk blir ofte brukte i aviser, i nyheitssendingar, i lærebøker og i samtalar både privat og på jobb. Det er derfor lurt å vere nysgjerrig på kva idioma betyr.

Idiom eller ikkje?

Korleis kan du vite om det som blir sagt skal tolkast bokstaveleg, eller om det er eit idiom? Ofte vil samanhengen gi deg nokre hint. Viss eit uttrykk gir lite meining når du tolkar det bokstaveleg, kan det vere eit idiom.

Vi kan bruke denne setninga som eit døme: No går du rundt grauten. Viss nokon seier dette, og det ikkje er graut i nærleiken, er det sannsynleg at det må bety noko anna enn det som blir sagt bokstaveleg. På norsk bruker vi nemleg idiomet "å gå rundt grauten" viss vi ikkje tør å seie noko direkte, men heller snakkar om det utan å seie akkurat kva det gjeld.

Det er ikkje alltid så lett å oppdage desse idioma, men det blir enklare jo fleire du kan. Derfor er det lurt å lære seg dei vanlegaste idioma.

Ein mann går i regnet og held ein paraply, mens kattar og hundar "regnar" ned på han. Foto.

Tenk over:

Kva idiom kjenner du til frå førstespråket ditt?

Kva betyr idiomet?

Det kan vere lurt å skrive ned idioma du lurer på i ei skrivebok eller på mobilen. Spør gjerne nokon du kjenner, ein lærar eller andre, kva uttrykket/idiomet betyr. Du kan òg bruke ordboka Lexin for å få forklaring på ein del metaforiske uttrykk.

Relatert innhald

Jobb med å finne ut kva eit idiom er og betydninga av ulike idiom.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Lønning.
Sist fagleg oppdatert 04.09.2023

Læringsressursar

Språklege verkemiddel