Hopp til innhald

Fagstoff

Allusjon

Har du nokon gong lese ein tekst eller sett eit bilete der noko av innhaldet verkar kjent? Dette treng ikkje bety ulovleg kopiering av noko andre har laga. Kanskje har forfattaren i staden brukt det språklege verkemiddelet allusjon for å skape noko nytt og spennande.
Video om språklege bilete

Gro Dahle bruker ein allusjon til Utøya. Den 22. juli 2011 skjedde det eit terrorangrep i Noreg, og den dagen blei 69 personar drepne på ei øy som heiter Utøya. 33 av dei omkomne var under 18 år. I tillegg blei åtte personar drepne i eit bombeangrep i Oslo sentrum same dag.

Før du les

Sjå nærmare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Allusjon
er eit språkleg verkemiddel der du låner eller refererer til delar av ein kjend tekst, eit kjent kunstverk, ei kjend historisk hending eller ein kjend person.
Språkleg verkemiddel
er eit verkemiddel som forfattaren eller kunstnaren bruker for å påverke lesaren eller skape ei bestemd kjensle hos hen. Allusjon er eit språkleg verkemiddel.
Referanse
er noko vi viser til eller noko som har samanheng med noko anna. Til dømes kan vi ha ein referanse til eit kjent dikt i vårt eige dikt.

Kva er ein allusjon?

Ordet allusjon kjem frå det latinske ordet alludere, som betyr "leik". Allusjon er ein slags språkleg leik fordi vi leikar med noko som er kjend frå før, samtidig som vi skaper noko heilt nytt.

Ein allusjon er eit språkleg verkemiddel der vi låner frå eller refererer til ein annan tekst, film, song eller eit kunstverk. Det kan òg vere ein til ei historisk hending eller ein kjend person.

Eit døme frå litteraturen

Du som er i himmelen!

Kjære , du som er i himmelen!
Du som høyt der oppe
Danser på skyene
Løper og hopper
Mer enn du noen gang kunne gjøre her nede
Føler deg fri

På det som en gang gjorde vondt
Kjære Pan, du som er i himmelen!

Diktet over er skrive av Ingeborg Brynhildsvoll på vg1. Diktet har tydeleg bruk av allusjon i orda Du som er i himmelen, både i tittelen, første verselinje og siste verselinje. Orda Du som er i himmelen er ein referanse til den kristne bønna "Vår Far", henta frå Bibelen.

Fader vår

Fader vår, du som er i himmelen!
La ditt navn holdes hellig.
La ditt rike komme.
La din vilje skje på jorden
som i himmelen.
Gi oss i dag vårt daglige brød.
Forlat oss vår skyld,
som vi òg forlater våre skyldnere.
Led oss ikke inn i fristelse,
men frels oss fra det onde.
For riket er ditt,
og makten og æren i evighet.

Amen.

Bibelen, Matt. 6, 9–13

Ein allusjon gir oss som mottakarar noko meir i møte med teksten. Han skaper på mange måtar eit ekstra lag med meining. Vi forstår det nye ut i frå det vi kjenner til frå før.

Diktet til Ingeborg får eit ekstra lag med meining når vi skjønar referansen til bønna frå Bibelen. Det gjer at vi tenker på diktet hennar som ei bønn fordi vi kjenner igjen dei same orda frå "Vår Far". Kanskje gjer denne allusjonen at saknet etter hunden kjem endå sterkare fram? Det blir ei bønn og eit ønske om at hunden skal ha det bra etter døden. Allusjonar til religiøse tekstar er ganske vanleg både i litteratur og kunst.

Verkemiddelet fungerer berre som allusjon viss mottakaren skjønar allusjonen. Det er først då vi forstår det ekstra laget med meining. Det blir enklare å forstå allusjonane når du kjenner dei ulike referansane i eit land. Det vil seie at jo meir norsk litteratur du les, jo lettare er det å finne og forstå bruken av allusjon i dei norske tekstane.

Allusjon i bilete

Det er òg ganske vanleg å alludere til andre kunstverk i biletkunst og i reklame. Akkurat som i litteraturen er målet å skape assosiasjonar og gi eit ekstra lag med meining til biletet. Oppfatninga di av det nye biletet "smeltar" saman med det du tenker om biletet du kjenner frå før.

Kunstverket "Pike med perleøredobb" av Johannes Vermeer til venstre og ei attskaping av kunstverket til høgre. Begge bileta viser ein person med blått og gult tørkle på hovudet, litt trist ansiktsuttrykk og ein perleøyredobb i øyret. Begge bileta har  mørk bakgrunn, og personane har på seg ei slags gullfarga dressjakke med kvit skjorte under. Originalbiletet er av ei jente, mens attskapinga er av ein mann med litt skjegg.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elisabeth Lønning.
Sist fagleg oppdatert 09.01.2024

Læringsressursar

Språklege verkemiddel