Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sjå nærmare på nokre allusjonar

Oppgåve 1. Finn allusjonar i kunstverk

Biletet Brudeferd i Hardanger er eit kjent norsk måleri frå 1848. Biletet Oljeferden fra Hardanger er frå 1975.

Måleri av ein båt med brudefølge i eit vestnorsk landskap. Ein mann står og skyt i veret, ein annan speler fiolin, mens bruda sit fremst i båten. I bakgrunnen bryt lyset fram frå himmelen. Måleri.

Brudeferden i Hardanger av Tidemand og Gude

Måleri med ein båt som søkk i ein fjord. Det er oljetankar på land langs fjorden med logoen til ulike oljeselskap. Ei plattform ligg lenger ute i fjorden, og det er oljetønner langs heile strandområdet. Måleri.

Oljeferden i Hardanger av Rolf Groven

  1. Kva for allusjonar finn du til måleriet Brudeferden i Hardanger i måleriet Oljeferden i Hardanger?

  2. Rolf Groven ønskte å få fram ein miljøpolitisk med måleriet sitt.

    • Korleis kjem denne bodskapen fram i måleriet? Samanlikn med det i Brudeferden i Hardanger.

    • Korleis blir bodskapen til Groven enda tydelegare når vi kjenner til måleriet Brudeferden i Hardanger? Grunngi svaret ditt.

  3. Sjå på teikneseriebiletet Andeferden i Andanger av Arild Midthun på Duckberg Museum of Fine Arts. Kva for allusjonar finn du til måleriet Brudeferden i Hardanger i dette teikneseriebiletet?

Oppgåve 2. Finn allusjonar til måleriet Skrik av Edvard Munch

Kunstverket Skrik av den norske målaren Edvard Munch er eit verdskjent måleri. Det finst derfor referansar til måleriet og kunstnaren over heile verda.

Ein person med open, skrikande munn som står på ei bru ved eit hav. Mykje bruk av fargane svart, raudt, gult og blått. Måleri.

Skrik av Edvard Munch

Eit døme på allusjon til måleriet Skrik av Edvard Munch finn du i diktet "To skrik" skrive av Haile Bizen frå Eritrea:

To skrik

står jeg ansikt til ansikt
med skriket til Munch
en eldre bror jeg endelig har funnet

Jeg som ble fødd og
mens landets støtter knakk, meg til
Svarer ikke med mitt eget rop, han har vel nok med sitt

men i tankene jeg løs
og bytter den ut med skriket i meg
Da maleriet til og

Haile Bizen, fra diktsamlingen La oss si at jeg er, 2023

  1. Kva for allusjonar finn du til måleriet Skrik av Edvard Munch i diktet "To skrik" av Haile Bizen?

  2. Korleis kan diktet "To skrik" blir forstått forskjellig avhengig av om vi kjenner til måleriet Skrik eller ikkje?

  3. Sjå på bileta under. Snakk saman med ein klassekamerat om allusjonane du finn til måleriet Skrik i dei to bileta.

Tresnittet "Skrik" av Munch er tilarbeidd med sterke fargeflater. Silketrykk.

Skrik (After Munch) av Andy Warhol frå 1987

Skrik-motiv og tekst som protesterer mot riving på husvegg i Blitz-kvartalet. Foto.

Skrik-motiv på vegg i Blitz-kvartalet

Oppgåve 3. Finn allusjonar frå ulike land

  1. Utforsk allusjonar til litteratur eller annan kunst frå andre land. Kanskje kjenner du til nokon allusjonar frå andre land frå før? Lag ei enkel oversikt og samanlikn med det ein annan i klassen har funne.

  2. Ta ei felles gjennomgang av allusjonane de har funne i oppgåve 1. i klassen. Snakk saman om korleis nokre allusjonar kan variere noko frå land til land, mens andre er kjende over store delar av verda.

  3. Heng allusjonane opp i klasserommet eller lag ei digital oversikt, som alle i klassen har tilgang til.

Oppgåve 4. Lag eigne allusjonar

Lag eigne allusjonar inspirerte av ein tekst du har lese. Her kan du til dømes la deg inspirere av ein av tekstane i tekstsamlinga vår på NDLA.

Relatert innhald

Les om allusjon som språkleg verkemiddel.


CC BY-SASkrive av Elisabeth Lønning.
Sist fagleg oppdatert 07.02.2024

Læringsressursar

Språklege verkemiddel