Hopp til innhald

Fagstoff

Personifikasjon

I ei krimbok kan du lese at "redselen lyser ut av auga hennar." Då skjønner du at noko skummelt skal skje. Forfattaren har gitt liv til redselen – han kan lyse ut av auga til nokon. Det å gi abstrakte ting menneskelege eigenskapar er eit vanleg verkemiddel i kunst og litteratur.
Trist gut sit på golvet og græt med kosedyr på fanget. Foto.

Før du les

Desse omgrepa blir brukte og forklarte i løpet av teksten:

Abstrakt
Det som er abstrakt, kan du ikkje ta på. Det motsette er konkret, som er noko du kan ta på. Redsel er døme på noko abstrakt. Vi veit kva redsel er, men vi kan ikkje ta på redselen.
Personifikasjon
Personifikasjon er når noko abstrakt får menneskelege eigenskapar. Eit døme er at "redselen lyste ut av auga hennar". Personifikasjon er eit språkleg verkemiddel. Vi kan seie at forfattaren personifiserer noko abstrakt.

Personifikasjon

Korleis kan vi betre forstå noko abstrakt som redsel, sorg og glede? I litteraturen kan forfattarar gi det abstrakte menneskelege eigenskapar. Dette gjer dei for å understreke ei kjensle eller ein eigenskap ved det abstrakte. Dette kallar vi personifikasjon.

Til dømes kan vi skrive at "redselen lyste ut av auga hennar". Då skjønner vi at ho var veldig redd. Det kan gjere det enklare å forstå det abstrakte omgrepet redsel. Personifikasjonen kan òg bygge opp spenning eller vekke sterke kjensler. Vi forstår at redselen ikkje kan lyse ut av auga på ekte, men vi tolkar det språklege biletet. Då forstår vi at jenta er redd.

Personifikasjon er vanleg både i kvardagsspråket og i litteraturen:

  • Gleda banka varsamt på døra.

  • Tida flyg.

  • Døden gøymde seg bak huset.

Diskuter

Kva betyr personifikasjonane over? Diskuter med ein medelev. Sjå forslag til fasit i boksen under.

Forslag til fasit

Gleda banka varsamt på døra betyr at det skjer noko hyggeleg og fint. Det at gleda berre bankar varsamt på døra, kan bety at det er noko fint som skjer etter at det lenge har vore ganske trist.

Tida flyg betyr at tida går veldig fort. Det er vanleg å seie at tida flyg viss vi har det travelt og må rekke noko, eller når vi har det så gøy, at det kjennest som om timane går fortare enn normalt.

Døden gøymde seg bak huset betyr at nokon kanskje kjem til å døy i huset. Kanskje er det nokon som ikkje er heilt klar over at dei skal døy sjølv, i og med at det står at døden driv og gøymer seg.

Personifikasjon i biletkunsten

Svartedauden i menneskeskikkelse. Ei gammal dame på veg til eit hus. Teikning.

Kunstnaren Theodor Kittelsen har i boka Svartedauden ein illustrasjon som viser ei gammal dame på veg til eit hus. Her tenker vi at dama er eit bilete på døden. Under var det nemleg mange menneske som døydde av alvorleg sjukdom, og mange var redde. Denne redselen kjem fram i biletet gjennom den mørke skuggen av ei gammal dame. Ho er ein personifikasjon av døden.

Tenk over

Kvifor trur du verkemiddelet blir kalla nettopp personifikasjon eller personifisering?

Personifikasjon i litteraturen

Diktet "Et rom står avlåst" av Kolbein Falkeid handlar om eit eg som saknar "deg". I frå diktet er det brukt personifikasjon i dei to siste .

Lengter etter deg.

Verken vær eller dager løper mer.

Og tomheten svarer aldri.

Utdrag frå diktet "Et rom står avlåst" i diktsamlinga En annen sol av Kolbein Falkeid, 1989.

Tenk over

Korleis forsterkar personifikasjonane i verselinje 2 og 3 denne lengten som eget i diktet kjenner på?

Relatert innhald

Utforsk korleis det språklege verkemiddelet "personifikasjon" kan brukast i fleire medium og sjangrar.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Lønning.
Sist fagleg oppdatert 19.10.2023

Læringsressursar

Språklege verkemiddel