Gjentaking
Sjå nærmare på desse fagomgrepa før du les teksten:
- Gjentaking
- Gjentaking er eit språkleg verkemiddel der ord eller setningar blir gjentekne to eller fleire gonger i ein tekst. Det same gjeld andre teksttypar som bilete og film der noko blir gjenteke. Gjentakingar blir gjerne brukt for å framheve noko viktig.
- Språkleg verkemiddel
- Språklege verkemiddel er å bruke språket på ein spesiell måte for å få ein verknad hos mottakaren. Det kan til dømes vere ei gjentaking, samanlikning eller metafor.
Gjentaking betyr at vi seier, skriv eller gjer det same fleire gonger. Vi bruker gjentaking for å påverke andre frå vi er ganske små. Barn kan bruke gjentaking i språket for å prøve å påverke foreldra sine. "Eg vil ikkje ha på meg lue!" kan barnet seie. Og så gjentek hen kanskje "Eg vil ikkje! Eg vil ikkje!" for å få fram bodskapen sin endå tydelegare.
Det å seie eller skrive det same fleire gonger har ofte stor effekt på mottakaren. De er nok grunnen til at gjentaking blir så mykje brukt i ulike samanhengar.
Tenk over
Har du nokon gong brukt gjentaking som verkemiddel for å påverke andre? Korleis fungerte det? Del erfaring med andre i klassen.
I både dikt, noveller, romanar, reklame og film er gjentaking eit populært verkemiddel. I diktet "Kjente jeg deg?" av Rolf Jacobsen blir orda "kjente jeg deg" brukte både i tittelen på diktet, i første verselinje og i siste verselinje. Gjentakinga av desse tre orda understrekar noko som er viktig i diktet. Kor godt kjende vi kvarandre eigentleg? Les diktet "Kjente jeg deg?" på Boktips.no.
Det kan vere lurt å stoppe litt opp når du ser gjentakingar i tekst. Ta deg tid til å tenke over kvifor forfattaren vel å skrive slik hen gjer. Forsterkar gjentakinga ei kjensle? Kjem bodskapen endå tydelegare fram? Kva for verknad har bruken av gjentaking på deg?
Det vil sjølvsagt variere frå mottakar til mottakar korleis språklege verkemiddel verkar på oss. Men det å legge merke til kva verkemiddel som er brukte, kan vere ein god måte å forstå teksten litt betre på.
Gjentakingar i reklame
Vi hugsar gjerne det som blir gjenteke betre, så derfor er gjentaking eit viktig verkemiddel i mange reklamar. Det kan til dømes vere ord, fargar og lydar som blir gjentekne.
Tenk etter
Korleis er gjentaking brukt som verkemiddel i reklamen for Go'morgen-yoghurt? Kva trur du blir oppnådd ved å bruke gjentaking i denne reklamen?
Relatert innhald
Jobb med gjentakingar og sjå kva dei vil fortelje oss.