Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Jobb med symbol

Oppgåve 1. Symbol i ulike land

Elg plassert inn i kvit trekant med raud trekant rundt. Illustrasjon.
Kenguru plassert inn i gul firkant med svart ramme rundt. Illustrasjon.
  1. Veit du om nokon symbol som kanskje ikkje er så mykje brukte i Noreg, men som kan vere vanlege i andre land? Lag ei oversikt med 2–5 ulike symbol.

  2. Veit du om nokon symbol som er brukte i Noreg, men ikkje så ofte i andre land? Lag ei oversikt med 2–5 ulike symbol.

  3. Samanlikn resultatet ditt med det ein médelev har svart.

  4. Diskuter symbol i ulike land felles i klassen. Kva er likt? Kva er ulikt? Tenk både på bruk av symbol, utsjånad og innhald.

Oppgåve 2. Kva symboliserer fargane?

Oppgåve 3. Bruk symbol i kommunikasjon

  1. Skriv ei oppdikta melding til ein venn om kva du gjorde i går kveld. Du skal skrive vanlege bokstavar, ikkje symbol (emojiar).

  2. Skriv ei oppdikta melding til ein venn om kva du gjorde i går kveld. No skal du bruke symbol (emojiar) mest mogleg i staden for bokstavar og tekst.

  3. Skriv ei oppdikta melding til ein venn om kva du gjorde i går kveld. Bruk symbol (emojiar) slik du pleier å gjere det når du kommuniserer med ein venn.

  4. Korleis synest du symbol påverkar måten vi kommuniserer med kvarandre på?

Oppgåve 4. Finn ut kva ulike symbol betyr

  1. Kva symboliserer krossen og dei ulike fargane i det norske flagget? Bruk Store norske leksikon som kjelde om du treng hjelp til å finne svaret.

    Det norske flagget i raudt, kvitt og blått. Illustrasjon.
  2. Kva symboliserer sirkelen og dei ulike fargane i det samiske flagget? Bruk Store norske leksikon som kjelde om du treng hjelp til å finne svaret.

  3. Vel deg eit symbol frå eit flagg, ein sportsklubb eller liknande som du er glad i. Prøv å finne ut kva symbola som er brukte, betyr. Bruk Store norske leksikon som kjelde om du treng hjelp til å finne svaret.

Oppgåve 5. Bruk symbol for å uttrykke ei stemning

Du kan bruke symbol for å utrykke ei stemning eller ei kjensle i ein tekst utan å bruke sjølve orda du vil beskrive. Til dømes kan du uttrykke at ein person er sint ved å skrive at "det kom lyn ut av auga på Adam".

  1. Start med å skrive ned kva symbol du forbind med orda under. Diskuter gjerne først med ein médelev:

    • sorg

    • kjærleiken

    • vår

    • sakne

    • fred

  2. Vel deg ut nokre av orda over og skriv ein kort tekst til kvar av dei. Du skal ikkje ha med sjølve ordet i teksten din, men bruke symbol som verkemiddel for å få fram stemninga. Treng du tips? Sjå i boksen under. Der har vi skrive ein kort tekst om kjærleik der hjartesmykket er brukt symbolsk.

Eksempeltekst:

Kort tekst om kjærleik

Ho reiv smykka av seg. At han kunne seie noko sånt! Sølvkjeda med det vesle hjartet låg øydelagd på golvet. Ho tok kjeda opp og kasta ho i søppelet. Ho skulle aldri meir tenke på han. Aldri.

Oppgåve 6. Finn symbol i diktet "Ord over grind"

Diktet "Ord over grind" er skrive av Halldis Moren Vesaas. Det er henta frå samlinga I ein annan skog som kom ut i 1955.

Ordforklaringar til diktet "Ord over grind"
grind
noko som er sett opp for å skilje jord eller eigedom frå kvarandre
einsam
åleine
trenge
her: vere pågåande, komme tett på
titt
ofte
sjeldan
ikkje ofte
knastrande grus
småsteinar som det bråkar litt når ein går på
  1. Les diktet "Ord over grind". Det handlar om forholdet mellom to personar. Kva symboliserer grinda i diktet?

  2. Korleis forstår du "mi inste grind"? Kven tenker du det er naturleg at får komme heilt til den inste grinda di?

  3. Kva andre symbol for avstand og nærleik mellom personar kan passe i ein litterær tekst? Diskuter med ein medelev.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Lønning, Marion Federl, Åsa Abusland og Cecilie Isaksen Eftedal.
Sist fagleg oppdatert 03.10.2023

Læringsressursar

Språklege verkemiddel